
Salgsmedarbeider
Brilleland Førde
- Frist 23.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å skape nye gode kundeopplevingar saman med oss?
Vi søkjer etter ein person, som er glad i å lære nye ting og som har lyst til å vere med på ei spennande reise innan teknologi. Optikerbransjen er i utvikling, og vi satser stort på teleoptometri. I den anledning ønskjer vi å styrke teamet med ein salsmedarbeider, som kan assistere optiker under synstesten. Stillinga er fast og på 60%, med muligheit til å jobbe meir ved sjukdom og ferieavvikling.
Kvifor velje oss?
Vi er eit ungt og kunnskapsrikt team, som brenner for å nå dei måla vi set oss! Trivsel er særdeles viktig for oss, og vi strekker oss langt for å finne fleksible løysingar på kundane sine behov.
Vi er stolte av å kunne tilby:
- Eit godt arbeidsmiljø med hyggelige kolleger, jevnlige personalmøter, medarbeidersamtalar og besøk av vår regionale salssjef
- Vakter på dagtid - 1 laurdag per mnd må likevel påreknast
- Konkurransedyktig løn og bonusordningar til alle våre tilsette
- Fagleg utvikling: Full opplæring vil bli gitt. Vi tilbyr kurs slik at du kan halde deg oppdatert og utvikle ferdigheitane dine. Brilleland arrangerer fagdagar i løpet av året, som vi gjerne ser at du deltek på. For den rette personen kan det på sikt vere mulig å bygge på basiskunnskapen din ved å ta studiet «Optometri for medhjelpere» ved Fagskolen i Viken (deltidsstudie tilrettelagt for å kunne kombinerast med jobb)
- Tilgang til toppmoderne utstyr! Vi var den første butikken i Brilleland som fekk Vision-R 700 phoropter, noko som gjer oss attraktive som sparringpartner for teleoptikarane i heile Brilleland. Vi utfører OCT-scan, trykkmål og perimetri, og det vil du óg lære deg å gjennomføre om du startar hos oss
- Muligheiter for karriereutvikling: Vi elskar å sjå våre tilsette vekse og tilbyr mange karrieremuligheiter og avansement
Kva inneber rolla?
Hovudoppgåve di blir å assistere optiker under synstesten. Du utfører forprøver og innleiande testar. Etter synstesten hjelper du kundane med å finne innfatning og bestiller glas. Vi får i stor grad leverandørmonterte produkt, men noko montering utfører vi fortsatt. Når brillene er klare, kontaktar du kundane dine og avtaler tid for utlevering og justering.
Du vil kunne utføre noko verkstadarbeid som reparasjonar og sliping/montering av glas. Du lærer kundane våre å handtere kontaktlinser gjennom linseopplæring, og hjelper resten av teamet med bestillingar, sal og kundebehandling.
Vi søkjer etter ein person som:
- Er fleksibel og løysingsorientert – du er nysgjerrig på andre menneske, noko som gjer deg god til å avdekke behov og finne passande løysingar
- Er glad i å bruke data som verktøy. Du er komfortabel med å bruke ulike system og har kjennskap til f.eks. Teams
- Er ein lagspelar som likar å dele og vidareutvikle kunnskap
- Snakkar og skriv på norsk
Å ha erfaring frå optikerbransjen, butikk eller helse er eit pluss, men ikkje eit krav.
Er du klar til å ta neste steg?
Dette er ein spennende muligheit til å bli ein del av eit team der din innsats verkelig blir verdsatt. Bli med oss i Førde og bidra til å gi alle våre kundar den beste optiske omsorga.
Oppstart etter avtale. Søknadsprosessen pågår fortløpande.
Vi gleder oss til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Storehagen 9, 6800 Førde
- Bransje: Butikk og varehandel, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Butikkansatt, Kundeservice, Produktsalg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kundeservice, Rådgivning, Deltid, Butikk, Helse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397548125
- Sist endret