
Rektor
Tresfjord friskule SA (Tresfjord EnSpire skule)
- Frist 30.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du leie og vidareutvikle Tresfjord EnSpire skule?
Vårt behov
Noverande rektor går for nye utfordringar og vi har difor behov for ein ny rektor frå og med juni 2025, med moglegheit for tilsetjing før.
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Som rektor hos oss vil du mellom anna ha desse arbeidsoppgåvene og ansvara:
Ha det øvste administrative, økonomiske og faglege ansvaret for skulen
Leie pedagogisk utviklingsarbeid
Drive personalleiing og arbeidsmiljøutvikling
Ivareta skulens kjerneoppgåver
Sikre forvalting, kvalitetsutvikling og økonomistyring
Samarbeide med føresette
Skape trivsel og bidra til eit trygt og godt skulemiljø og arbeidsmiljø for elevar og tilsette
Undervisning kan vere ein del av stillinga
Personlege eigenskapar
Som rektor hos oss ønsker vi at du:
er motivert til å arbeide på ein skule med eit stort mangfald av elevar.
har eit positivt elevsyn, som vil seie at du viser interesse for elevane og møter dei med forståing og respekt.
har gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar.
er bevisst eigne haldningar, kroppsspråk og praksis.
er ein tydeleg, lyttande og tillitsbasert leiar.
ønsker å løfte og utvikle alle elevar og tilsette sine unike sider og styrker.
er utviklingsorientert og løysingsorientert.
Kvalifikasjonar
Som tilsett som rektor hos oss ønsker vi at du:
fyller opplæringslovas krav om forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse, jf. oppl.l. § 17-2.
har relevant utdanning og erfaring innan skuleleiing.
legg fram politiattest før tiltreding.
Vi tilbyr
Som rektor hos oss vil du:
ha ein spanande og utfordrande leiarjobb
vere ein del av eit profesjonsfellesskap av engasjerte og positive tilsette.
jobbe på ein skule som dyrkar det unike i kvar enkelt elev.
få løn etter avtale, basert på kompetanse og erfaring
jobbe på ein skule som vektlegg fagleg utvikling hos tilsette, og som legg til rette for og oppfordrar til kompetanseheving, kurs og (vidare)utdanning.
vere med på å utvikle skulen.
Det er ikkje offentlege søkarlister hos oss.
Kontakt
Om du lurer på noko, ta gjerne kontakt med styreleiar Martin Lindset via styreleiar@tresfjordenspire.no eller 482 07 765.
Postadresse: Postboks 1, 6391 Tresfjord
Besøksadresse: Neremsvegen 43, Tresfjord
Om arbeidsgiveren
Tresfjord EnSpire skule er ein privat barneskule med EnSpire-profil som ligg i Tresfjord i Vestnes kommune.
Vi har kort veg til fjord, fjell og vakker natur. Skulen ligg rett ved den kommunale barnehagen og ungdomsskulen og med kort veg til bygdas daglegvarebutikk. Det er ca. 15 minutt til Vestnes sentrum.
Vi har entreprenørskap som profil, som vil seie at vi skal gi elevane entreprenøriell basiskompetanse, som vil seie at elevane skal kunne evne å sjå moglegheiter og gjere noko med dei. Elevane vil hos oss få moglegheit til å nå kompetansemåla i læreplanen mellom anna via eigne interesser. Vi har eksempelvis eit eige fag som heiter EPT (Entreprenørskap på tvers), kor elevane kan jobbe med eigne prosjekt under rettleiing av dei tilsette. Vi jobbar også elles mykje tverrfagleg og prosjektbasert, og vi har læreplanfesta å bruke nysgjerrigpermetoden i undervisninga.
Du kan lese meir om EnSpire-profilen vår her: https://tresfjordenspire.no/om/
Du kan lese meir om Nysgjerrigpermetoden her: https://www.nysgjerrigper.no/nysgjerrigpermetoden/
Vi er i dag 12 tilsette i ulike stillingsstorleikar og -typar, fordelt på skule og SFO. Skulen er godkjent for 70 elevar. Vi er relativt nyoppstarta og hadde første skuledag i august 2022. Då var det 26 elevar ved skulen. I dag er elevtalet 47 og når vi har gått gjennom søknadane for kommande skuleår, ser vi at vi ligg an til å bli 52 elevar ved skulestart etter sommarferien.
Dette skuleåret har vi hatt elevane delt inn i fire elevgrupper: 1.-2., 3.-4., 5.-6. og 7. trinn. Vi prøver å få til dette også kommande skuleår.
- Sektor: Privat
- Sted: Neremsvegen 43, 6391 Tresfjord
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Rektor / Ass. Rektor, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
barneskole, rektor, skoleledelse, ledelse, skole
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397608927
- Sist endret