Nattevakt Resepsjon
Hotel Union Øye
- Frist 2025-04-22
- Ansettelsesform Fast
Elskar du nattevåk og har genuin interesse og forståelse for god service?
Hotel Union Øye, 62 NORD og Flakk Gruppen er ei familieeigd bedrift som allereie har investert betydelege midlar i utvikling av hotell og opplevingar på Sunnmøre og 62. breddegrad. Som ein del av Flakk Gruppa sin reiselivsstrategi har det blitt investert i ei omfattande utbyggjing og oppgradering av Hotel Union Øye. Vi har sidan opninga i 1891 vore reisemål for tindebestigarar, eventyrarar, kongar og dronningar og er omtala som eit av Skandinavias mest anerkjende historiske hotell. Vi er stolte av å levere berekraftige og skreddersydde opplevingar av svært høg kvalitet for våre gjestar.
Som nattevakt er du ein del av vertskapet ved hotellet og har faste rutineoppgåver i resepsjonen. Som nattevakt er du også ansvarleg for brann- og sikkerheitsrutinar for gjestar og ansatte. Du må vere grunnleggande oppteken av service, glad i folk og vere ein person som blir motivert av å skape store opplevingar og yte service av første klasse. Vidare må du vere kvalitetsbevisst og ha eit godt trena auge for detaljar.
Vi søkjer ein person med utdanning innan hotell og/eller reiseliv eller relevant erfaring, gjerne som nattevakt og resepsjonist. Du bør være strukturert, løysingsorientert og ha god forståing for vertskapsrolla. Vidare må søkjarar vere utprega serviceinnstilt, og du må ha eit genuint ynskje om å skape gode opplevingar for gjestane og yte service i første klasse. Alle søkjarar må beherske engelsk både muntleg og skriftleg.
Vi tilbyr ei utviklande og spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø, der du får vere med på å skrive eit nytt kapittel av historia saman med trivelege kollegaer. Vi er hjelpsame med bustad, og tilbyr løn etter avtale
Om arbeidsgiveren
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: 6196 Norangsfjorden
- Bransje: Hotell og overnatting
- Stillingsfunksjon: Resepsjon, Service/servering
Nøkkelord
Resepsjon, Nattevakt, Hotell, Service, Hospitality
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397628697
- Sist endret