Sjukepleiar
Helse Fonna HF
- Frist 27.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar? Då vil du ikkje gå glipp av dette!
Fast jobb, godt samhold og ein variert kvardag - her får du alt!
Likar du at dagane flyg forbi fordi du alltid har noko viktig å gjere? At det somme dagar er fullt trøkk, medan andre dagar gir deg tid til å ta ein pust i bakken med gode kollegaer? Då er Stord sjukehus staden for deg!
På medisinsk avdeling har vi no ledige faste stillingar:
🔹 Hjerte/lunge/gastro-post – for deg som vil ha brei erfaring og faglege utfordringar kvar dag.
🔹 Slag/generell indremedisinsk post – ein mindre avdeling med varierte og spennande oppgåver innan slagbehandling og indremedisin.
Bonus! Ønskjer du langvakter på helg? Vi tilbyr ei skikkeleg bra løysing der du får meir fri i kvardagen og ekstra løn for innsatsen.
👉 Send inn søknaden din i dag – vi gler oss til å få deg med på laget!
Kva går jobben ut på?
- Følge opp og ta vare på pasientar.
- Observere pasientane, utføre pleie og sjukepleieprosedyrar.
- Handtere medikament på ein trygg og forsvarleg måte.
- Jobbe med ulike tekniske hjelpemiddel som ein del av behandlinga.
- Jobbe tett med legar, fysioterapeutar og andre yrkesgrupper for å gi best mogleg behandling.
- Bidra til opplæring og oppfølging av studentar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, eller du blir ferdig utdanna og får autorisasjon i løpet av sommaren 2025.
- Du må kunne bruke relevant medisinsk-teknisk utstyr på ein trygg og forsvarleg måte.
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
Kva ser vi etter hos deg?
Er dette deg?
- Tek ansvar og jobbar trygt på eiga hand, men veit også når du skal be om råd.
- Har god oversikt når det skjer mykje, og veit kva som må prioriterast først.
- Er ein lagspelar som finn gode løysingar saman med kollegaer.
- Trivst i eit team med ulike fagfolk og handterer ein travel kvardag godt.
Kvifor skal du velje oss?
Jo, fordi vi har:
- 🔹 Variert arbeidskvardag – ingen dagar er like, og du får brei erfaring.
🔹 Trygt arbeidsmiljø – vi støttar kvarandre og jobbar godt i lag.
🔹 God opplæring – ein trygg start, anten du er nyutdanna eller erfaren.
🔹 Fagleg utvikling – læring og kompetanseheving er ein del av jobben.
🔹 Tilrettelagt turnus – langvakter på helg gir meir fri og ekstra løn.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Tysevegen 64, 5416 Stord
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sjukepleiar, slagbehandling, hjarte- og lungesjukdomar, gastro, langvakter
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397631998
- Sist endret