Vektoperatør
Sunnfjord Miljøverk IKS
- Frist 30.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Vektoperatør
Vil du være ein nøkkelperson på driftssida i selskapet vårt? Då håpar vi du les vidare.
Vi søkjer ein vektopratør til hovudanlegget vårt på Einestølen. Som vektoperatør vil du hovudsakleg jobbe på vekta og ta imot både privat- og næringskundar. Dette er ein viktig funksjon der du blir første kontaktpunkt for kundane våre, og hjelper dei med å sortere avfallet riktig.
Du vil bli ein del av eit tverrfagleg fellesskap med dyktige kollegaer som har ei viktig rolle i lokalsamfunnet. Vi skal hjelpe innbyggarane i vårt område til å bli rågode på sortering, og då er det viktig med gode rådgjevarar som kan hjelpe dei på vegen.
Kven er du?
Du er glad i å prate med folk, serviceinnstilt og likar varierte arbeidsoppgåver. Du må vere strukturert og påliteleg, og aller helst ha interesse for miljø og gjenvinning.
Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav - hos oss får du sjølvsagt opplæringa du treng.
Slik vil du jobbe
- Ta imot kundar ved vekta og gje dei informasjon om korrekt sortering
- Registrere avfall og ta imot betaling
- Sørge for god flyt på anlegget ved å rettleie kundar
- Sikre at sorteringsreglane vert fulgt
- Generelt vedlikehald og orden på arbeidsområdet
- Anna arbeid som kan oppstå på ein gjenvinningsstasjon
Vi vil tilpasse arbeidsoppgåvene etter dine erfaringar, ønsker og kompetanse.
Kvalifikasjonar
- Grunnleggjande datakunnskap
- Gode kommunikasjonsevner på norsk
- Relevant erfaring
Personlege eigenskapar vil kunne vege opp for manglande formell kompetanse. Vi vil gje deg den opplæringa du treng for å lykkast i jobben.
Vi tilbyr:
- Ei spennande og utfordrande stilling i eit framtidsretta selskap
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Moglegheit for å ta fagbrev i gjenvinningsfaget
- Kompetanseheving: Deltaking på kurs og konferansar, nettverk og moglegheit til å hospitere hos andre renovasjonsselskap
- Varierte oppgåver og moglegheit til å jobbe innanfor ulike fagfelt
Ønskjer du meir info om stillinga?
Ta kontakt med driftsleiar Kjell Bu på telefon 905 02 589.
Om arbeidsgiveren
Sunnfjord Miljøverk IKS er renovasjonsselskapet til kommunane Sunnfjord, Askvoll, Fjaler og Hyllestad - til saman om lag 29 000 innbyggjarar og 12 500 abonnentar. Vår viktigaste oppgåve er å løyse kommunane sine utfordringar innan avfallshandtering på ein mest mogleg miljø- og kostnadseffektiv måte.
Vi er eit selskap i vekst og har store ambisjonar for framtidas renovasjonstenester i regionen. Les meir om oss på nettsida vår.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kloppstadvegen 310, 6815 Førde
- Bransje: Miljøtjenester, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397670755
- Sist endret