
Ledige faste stillingar for Helsesekretærar og sekretærar
Helse Bergen HF
- Frist 30.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Helsesekretær og sekretær til 100% faste stillingar
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte helsesekretærar og sekretærar.
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt og spennande miljø. Oppgåvene blir løyst i tett samarbeid med andre faggrupper i sjukehuset.
Vi har ledig fast stilling ved desse avdelingane: (Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i namnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa)
- Kvinneklinikken
- Kreftklinikken
- Hudavdelinga
- Kirurgisk klinikk
- LAR Åsane (Avdeling for rusmedisin)
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
Kvinneklinikken tar årleg imot over 4400 fødande. I tillegg til å vere lokalsjukehus for Bergen og omland, tar vi imot fødande med komplikasjonar i svangerskapet frå heile Vestlandet. Vi har også eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling av kvinnesjukdommar generelt. Vi er rundt 450 medarbeidarar ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus.
Kontakt: Anita Mellingen, Tlf: 40082658
Kreftklinikken er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF (Vestland og Rogaland).
Kontakt: May Frida Bosch, Tlf: 95916782
Hudavdelinga på Haukeland universitetssjukehus er den einaste sengeavdelinga for hudpasientar på Vestlandet. Hovudoppgåvene våre er å diagnostisere og behandle hudsjukdommar og seksuelt overførte infeksjonar. Vi tilbyr pleie, rehabilitering, førebygging og opplæring av pasientar og pårørande.
Kontakt: Else Karin Synnevåg, Tlf: 91643038
Kirurgisk klinikk Kirurgisk mottak tar imot elektive operasjonspasientar i forkant av operasjon, innanfor fagfelta urologi, plastikk, kar, gastro samt bryst- og endokrinkirurgi. Årleg tar vi imot ca 4000 pasientar. Som sekretær vil du vere pasientens første møte med Kirurgisk klinikk i samband med deira planlagde innlegging for operasjon.
Kontakt: Mona Berntsen Kvam, Tlf: 55970017
Avdeling for Rusmedisin LAR Åsane tilbyr behandling og oppfølging til personar med rus- og avhengigheitslidingar. Avdelinga si målsetjing er å gi kunnskapsbasert og differensiert behandling. Avdelinga satsar også sterkt på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta.
Kontakt: Mariann Erdal, Tlf: 93894784
Kvalifikasjonar (overskrift)
Arbeidsoppgåvene kan variere frå avdeling til avdeling
- For stillinga på Kvinneklinikken: Pasientnære driftsoppgåver som å assistere lege/jordmor ved gynekologiske undersøkingar hos gravide kvinner. Koble til og av CTG (sparketest). Urintest mm.
- Koordinering og planlegging
- Administrative oppgåver i Dips
- Telefon/resepsjonsteneste
- Bestilling av transport/overnatting/tolk med meir
- Økonomisk oppgjer
- Yte service til pasientar, pårørande og kollegaer
- Administrative oppgåver som til dømes bestilling av utstyr
- Leiarstøtte
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsesekretær, medisinsk sekretær, sekretær
- Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
- Relevant sjukehuserfaring er ønskeleg men ikkje eit krav
- Du må ha gode IKT-kunnskapar
- Kunnskap og erfaring med IKT-systema vi nyttar i Helse Bergen (t.d. Dips, Libra) vil vere ein fordel
- Du må meistre norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Nøyaktigheit
- Serviceinnstilling
- Fleksibel og evne til å ta utfordringar
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 10
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsesekretær, Sekretær
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
helsesekretær, sekretær, medisinsk sekretær, kontorpersonell, haukelan sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397677484
- Sist endret