Jurist/advokatfullmektig
Sognekraft
- Frist 3.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du jurist og vil jobbe i eit framoverlent energikonsern?
Drøymer du om ei karriere der jussen møter grøn omstilling? Hjå oss får du moglegheita til å jobbe med juridiske problemstillingar innan fornybar energi. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø med jus, teknologi og økonomi. Du vil vere ein sentral støttespelar for mange i konsernet og jobbe med utviklingsoppgåver i tverrfaglege team.
I Sogn kan du nyte spennande natur rett utanfor døra – perfekt for deg som trivst med fjellturar, ski eller berre likar å bu i vakre omgjevnader.
Din arbeidskvardag
I Sognekraft vil du jobbe med juridiske spørsmål knytt til konsernet si verksemd – frå bygging av kraftverk og produksjon av energi til utbygging og drift av straumnett og fiber. Du vil bistå forretningsområda i juridiske problemstillingar, og evna di til å forstå forretningsmessige samanhengar vil gjere deg deg sterkare i rolla.
Aktuelle arbeidsoppgåver
- Tingsrett (fast eigedoms rettsforhold) – utarbeide og forvalte avtalar knytt til rettar og plikter for nettanlegg, tomter, grunnavtalar og servituttar.
- Offentlege anskaffingar: Rådgje i anskaffingar frå behovet oppstår til avtalen er inngått, og sikrar at anskaffingar blir gjennomført i etter regelverket.
- Forsikringsavtalar: Vurdere og følgje opp forsikringsdekning for nettanlegg og kraftverksanlegg, inkludert ansvars- og eigedomsforsikringar, skadesaker og eventuelle erstatningskrav.
- Energirett / forvaltningsrett: Vurdere regulatoriske krav, behandla klagesaker og følgje opp saker med offentlege styresmakter.
- Gi strategiske råd om avtalar basert på verdi og behov i konsernet, og rådgiving om prioriteringar for å maksimere gevinstar.
Ønska kvalifikasjonar og fagleg bakgrunn
Du har master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen og gjerne interesse for tekniske og regulatoriske spørsmål. Relevant erfaring er ein fordel, men nyutdanna er òg velkomne til å søkje.
Er du klar for ein jobb innan fornybar energi?
Du passar til jobben om du likar å finne gode løysingar i samarbeid med andre, tek initiativ og har god gjennomføringsevne. Du er omgjengeleg og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Er du den rette kandidaten kan det vere mogleg å autoriserast som advokatfullmektig, men advokatbevilling vil avhenge av sakstilfang og formelle krav.
Ta gjerne kontakt med konsernadvokat Tor Kvam Goksøyr på tlf. nr. 99259415 om du har spørsmål.
Før me ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil me gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.
Om arbeidsgiveren
I Sognekraft-konsernet er vi nærare 160 energiske medarbeidarar – og vi vil bli fleire og gjerne fleire kvinnelege kollegaer!
På fritida likar vi å utfordra oss sjølve i denne enorme leikeplassen her i Sogn. Vi kosar oss i laussnøen, klatrar og klyv oppover fjellsidene, syklar og vandrar gjennom landskapet, og nyt gode dagar på verdas lengste og djupaste fjord.
Sognekraft skal utføre mange spennande utviklingsoppgåver dei neste åra. Vi skal utvikle straumnettet vårt for framtida. Ei framtid der vi tek høgde for klimaendringar og ekstremvêr, som set større krav til leveringstryggleik og kvalitet. Vi skal auke produksjonen vår av rein fornybar energi.
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Privat
- Sted: Røy, 6893 Vik i Sogn
- Flere arbeidssteder: Dalavegen 25, 6856 Sogndal
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Advokat, Advokatfullmektig, Jurist
Nøkkelord
jurist, advokatfullmektig, fornybar, kontraktsrett
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397778501
- Sist endret