Barnehagelærar
Bykle
- Frist 06.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil DU bli vår nye barnehagelærar?
Vi ser etter deg som er nyutdanna eller erfaren barnehagelærar og ønskjer å bo på fjellet og samstundes ha verdas beste jobb!
Vi har to faste 100% stillingar som barnehagelærar ledig frå 01.08.2025, ein på Hovden og ein i Bykle.
Barnehagane våre er arbeidsplassar kor dagane preges av mykje humor og glede. Du vil få ein innhaldsrik kvardag, der du gjer mykje av deg sjølv og dine kunnskapar. Barnehagane har stort fokus på vaksenrolla og fagleg utvikling.
Vi er mykje ute i flott norsk høgfjellsnatur, heile året. Vi har store uteområder og nyttar oss av gymsal og symjebasseng og anna kommunen har å tilby.
Hos oss ønskjer vi å gjere barnehagetida til ein herleg start på livslang læring!
Løn etter kompetanse og ihht einkvar tid gjeldande tariff + 40 000 kr i rekrutteringstillegg
Arbeidsoppgåver
- Ha omsorg for alle barna i barnehagen og sjå barnehagen som ein heilskap
- Medverke til eit godt samarbeid mellom alle som har dagleg tilknyting til barnehagen
- Ha fokus på barns leik og utvikling av leikemiljøer, delta og rettleie barn i leik
- Stimulere barns fantasi og skapartrong gjennom å leggje til rette for ulike aktivtetar
- Vere ein god rollemodell og rettleiar
- Fylje til einkvar tid gjeldande lovar, forskriftar og planar for barnehage
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar, eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning innan barnehagepedagogikk
- Nyutdanna er velkomne til å søke
- Fagleg sterk og kunne omdanne teori til praksis
- God på å bygge og ivareta relasjonar
- Jobbar målretta, strukturert og leiar utviklingsarbeid og pedagogiske prosessar
- Initiativrik, og er god til å inspirere og motivere andre
- Autoritativ vaksenstil, med evne til å skape gode interaksjonar
- Gode kommunikasjons- og formidlingskunnskapar på norsk, munnleg og skriftleg. Om du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B1. Gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk morsmål
Personlege eigenskapar
- Du tek ansvar, er fleksibel og god til å samarbeide
- Du er leiken og har humor.
- Du er god på å organisere, improvisere og finne gode løysingar
- Vi har fokus på vaksenrollen og du må vere trygg i deg sjølv og kunne gje og ta tilbakemeldingar
- Du må ha evne og vilje til å bidra til at barnehagen er ein arena for utvikling og læring for barn og tilsette
- Du har fagleg fokus, er raus, ryddig og strukturert
- Du må vere fleksibel og sjå moglegheitar framfor hinder
- Jobben er perfekt for deg som liker å vere ute og er glad i ski- og friluftsaktivitetar
PERSONLEG EIGNAHEIT VEKTLEGGJAST
Vi tilbyr
- Godt arbeids- og fagmiljø med ein inkluderande personalgruppe
- Høg pedagogtettheit
- Fokus på fagleg utvikling
- Løn etter kompetanse og ihht einkvar tid gjeldande tariff + 40 000 kr i rekrutteringstillegg
- God pensjons- og forsikringsordning
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Kommunen har flyttegodtgjersle
- Gode treningsmoglegheitar sommar som vinter
- Bedriftsleilighet i Kristiansand i tillegg til sjøbod på sommaren
- Det er krav om politiattest ved tilsetting
- Bykle er ein distrikskommune og frå 2026 får ein etter å ha vore folkeregistrert i kommunen i 1 år få avskriving på studielån på kr 25 000,- per år
Andre opplysningar
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Gyldig politiattest må fremsynas før tiltreiing
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
Om arbeidsgiveren
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på to nivå: kommunedirektør med stab og 7 tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: 4754 Bykle
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehagelærer
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Barnehagelærer, Pedagog, Barnehage, Omsorg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397780074
- Sist endret