
Rådgivar/seniorrådgivar rekneskap
Helse Vest RHF
- Frist 5.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgivar/seniorrådgivar rekneskap
Vi ønskjer oss ein ny kollega!
Hos Helse Vest RHF får du moglegheit til å vere ein del av noko meiningsfullt og spennande. Vi ønskjer at du skal ha ein karriere der du kan vekse, lære og bidra til å styrkje sjukehusa på Vestlandet.
Du skal jobbe med oss på Lønns- og rekneskapsenteret (LRS), ein allsidig gjeng som består av folk i ulike aldrar, og med ulike bakgrunnar.
Personen vi ser etter har erfaring og ønske om å jobbe med rekneskap, og eit breitt spekter av andre arbeidsoppgåver. Helst er du nøyaktig og strukturert, fleksibel og kan tilpasse deg ulike miljø, og så er du innovativ og analytisk.
Du kan du sjå ein video om korleis det er å jobbe i Helse Vest RHF, og lese litt om nokon av medarbeidarane våre på https://www.helse-vest.no/om-oss/ledige-stillingar/
Vi tilbyr
Spennande arbeidsoppgåver: Du vil få utfordrande oppgåver som held deg engasjerte og gir deg ei kjensle av meining.
Fagleg utvikling: Her får du jobbe saman med kunnskapsrike kollegaer som deler erfaringar.
Positivt arbeidsmiljø: Vi ønskjer å ha eit inkluderande arbeidsmiljø, der du kan vere deg sjølv.
Fleksibel arbeidstid: Med moglegheit for å leggje til rette for heimekontor.
Lønn etter avtale: Vi tilbyr lønn som matchar erfaringa di.
Pensjonsforsikring i KLP: Økonomisk tryggleik og moglegheit for lån.
Gode velferdsordningar: Bedriftsidrettslag, «HjemJobbHjem» -ordning, moglegheit for dusj og låst sykkelgarasje.
Kvalifikasjonar
mastergrad innanfor økonomi
erfaring frå rekneskapsarbeid
gjerne statsautorisert rekneskapsførar eller statsautorisert revisor
gode datakunnskapar, spesielt Excel, og interesse for bruk og vidareutvikling av ERP-løysingar
erfaring med SAP S4/Hana vil vere ein fordel
erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Personlege eigenskapar
innovativ og analytisk
nøyaktig og strukturert
sjølvstendig og ansvarsmedviten
bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Arbeidsoppgåver
rekneskap og rapportering
periodisering og avstemming
ad-hoc oppgåver og prosjekt
utvikle og følgje opp prosessar, system og masterdata for rekneskapsområdet
vere bidragsytar når vi vidareutviklar rekneskapssystema
Om arbeidsgiveren
Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest leggjer til rette for inkluderande rekruttering.
Det regionale helseføretaket Helse Vest varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 40 milliardar kroner. Vi held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Knud Holms gate 8, 4005 Stavanger
- Bransje: Helse og omsorg, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Lønn, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rådgivning, regnskap, rapporter, avstemming, periodisering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397795288
- Sist endret