
Kvalitetsansvarlig
Engebø Rutile and Garnet AS
- Frist 30.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Mineraleventyret på Engebø treng ein Kvalitetsansvarleg på teamet! Er det deg?
Engebø Rutile and Garnet AS er eit dotterselskap av Nordic Mining. Selskapet meldte produksjon av første mineralkonsentrat Q4 2024. No treng Miljø og Berekraftsleiar Karoline Høyvik, fleire på teamet sitt. Dette er ei stilling som gir deg moglegheit for karriereutvikling, samt kort veg til alt Sunnfjord har å by på.
Prosessen består i å utvinne eklogitt malm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil og granat. Hovuddelane av prosjektet består av dagbrot, prosessanlegg og utskipings-anlegg.
For å styrke teamet søker vi no ein engasjert og kompetent kvalitetsleiar som kan vere med på å utvikle og sikre høg standard på kvalitet i heile vår produksjon og våre prosessar.
Dine arbeidsoppgåver og ansvarsområde vil i hovudsak vere:
- Leie sertifiseringsprosessen: Ansvarleg for å koordinere og leie prosessen mot sertifisering for ISO 9001 og ISO 14001.
- Utvikle og implementere kvalitets- og miljøstyringssystem: Utarbeide, implementere og kontinuerleg forbetre prosedyrar og prosessar som støttar kvalitets- og miljøkrava i tråd med ISO-standardane.
- Opplæring og støtte: Lære opp og støtte tilsette og leiarar i bruken av kvalitetssystem, prosedyrar og beste praksis for å sikre forståing og etterleving på tvers av organisasjonen.
- Internrevisjon og oppfølging: Gjennomføre interne revisjonar for å sikre at kvalitets- og miljøstyringssystema er i tråd med standardane, og identifisere forbetringsmoglegheiter.
- Rapportering til leiinga: Utarbeide og presentere regelmessige rapportar til leiinga om status på kvalitets- og miljøstyring-systema, samt oppfølging av eventuelle avvik og tiltak.
- Følgje opp avvikssystem: Syte for at det er eit brukarvenleg og funksjonelt system for avviksregistrering og handsaming av avvik saman med HMS-ansvarleg.
- Sikre samsvar med relevant lovgjeving og forskrifter: Ha oversyn over relevant lovverk, og syte for at verksemda overheld lovkrav og forskrifter knytt til kvalitet og miljø.
Det ønskeleg at du har følgande utdanning, erfaring og kvalifikasjonar:
- Bachelor eller master innan relevant fagområde
- Erfaring med sertifisering for ISO 9001 og ISO 14001
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk, både skriftleg og muntleg
Vurdering av aktuelle kandidatar, og innkalling til intervju vert gjort fortløpande.
Arbeidstida er dagtid. Arbeidsstad er på Engebø i flotte nye kontor, laboratorie og produksjonslokaler!
Vi er oppteken av å bygge eit trygt og solid arbeidsmiljø beståande av mangfald og god kultur. Vi skal ha eit godt arbeidsmiljø, og fokus på balansen mellom jobb og fritid. Vi tilbyr ein unik moglegheit med rom for personleg og fagleg kompetanseutvikling.
Du vil ta del i eit rykande ferskt team, beståande av 80 tilsette frå fire forskjellige kontinent med eit bredt spekter av bakgrunnar og erfaring. Ettersom dette er den første gruva i Noreg på fleire 10år, står vi alle på same "fjell", der dei færraste har direkte erfaring frå oppstart av gruvedrift. Fellesnemnaren er at vi alle er motiverte til å skape unike verdiar!
Vi er ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord. Når det kjem til berekraft er vi allereie veldig gode, men vi gir oss ikkje før vi er aller best i klassen. Vi skal og vere heilt på toppen innan moderne systemløysingar for å skape ein oversiktleg og effektiv kvardag.
Noko for deg? Ja då er det bare å sende inn ein enkel søkand! Vi ser fram til å høyre frå deg!
Og dersom du har spørsmål så er det bare å ta kontakt!
Om arbeidsgiveren
Engebø Rutile and Garnet er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driv ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både når det gjeld å skape lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og bidra i lokalsamfunnet. Folka i organisasjonen er sjølve nøkkelen til å få dette til.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal
- Bransje: Industri og produksjon, Metaller og mineraler
- Stillingsfunksjon: Kvalitetssikring, Revisjon og kontroll, Teknisk sikkerhet/QHSE
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Nordic Mining, iso 9001, iso 14001, kvalitet, kvalitetsledelse
(1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397803290
- Sist endret