
2025/02 - lege
Statens helsetilsyn
- Frist 06.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søker ein erfaren lege med spesialisering innan somatikk
Er du ein lege med lang klinisk erfaring og med kunnskap og interesse for kvalitetsarbeid og pasientsikkerheit?
Statens helsetilsyn har ledig ei fast stilling for lege med godkjent spesialitet innan somatikk, fortrinnsvis anestesi, eller annen brei kjennskap til fleire fagområde innan spesialisthelsetenesta. Stillinga er for tida plassert i Avdeling for operativt tilsyn som blant anna følger opp varsel om alvorlege hendingar.
Helse- og omsorgsdepartementet har lagt fram eit forslag om å endre dagens varselordning og avgjerd er forventa før sommaren. Ei endra meldeordning vil kunne gi nye og spennande oppgåver for Statens helsetilsyn. Oppgåvene vil blant anna kunne innebere å hjelpe og rettleie verksemdene i deira oppfølging av alvorlege hendingar, og å analysere meldingar om alvorlege hendingar for å avdekke felles risikoområde og formidle kunnskap om læring og forbetring i helse- og omsorgstenesta.
Er du klar til å ta på deg denne utfordringa og bidra til å forme framtida i Helsetilsynet? Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Følge opp varsel om alvorlege hendingar
- Vurdere kvalitets- og pasientsikkerheitsarbeid etter alvorlege hendingar hos verksemder
- Utarbeide rapportar, artiklar og presentasjonar med bakgrunn i tilsynserfaringar
- Bidra i vidareutvikling av metodar for tilsyn
- Samanfatte, analysere og formidle erfaringar frå tilsynsarbeidet, internt og eksternt
- Hjelpe statsforvaltarane med fagleg kompetanse og bidra til rettleiing og fagleg styring av statsforvaltarane
- Delta aktivt i ei omlegging av dagens varselordning
- Ved behov hjelpe til i arbeid med andre oppgåver både i avdelinga og Helsetilsynet
Medarbeidarar i Helsetilsynet jobbar på tvers i organisasjonen, og tilsette må rekne med å leie og koordinere ulike arbeidslag på tvers av avdelingar og fagområde.
Kvalifikasjonar
Nødvendige kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning og norsk autorisasjon som lege
- Brei klinisk erfaring frå somatikk, fortrinnsvis frå anestesifaget
- God og heilheitleg forståing av helse- og omsorgssektoren
- Erfaring frå arbeid med pasientsikkerheit og forbetringsarbeid
- Kjennskap til, eller erfaring med, systematisk kunnskapsinnhenting og analyse
Ønskte kvalifikasjonar
- Kjennskap til, eller erfaring frå, offentleg forvalting og/eller tilsynsarbeid
- Leiarerfaring og/eller leiarutdanning
- Erfaring med å leie og gjennomføre prosjekt
- Erfaring frå formidlingsarbeid
- Sikkerheitsfagleg kompetanse
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som har god muntleg og skriftleg formidlingsevne og som har ei positiv og løysingsorientert haldning.
Du må:
- vere strukturert og resultatorientert
- ha stor arbeidskapasitet og evne til framdrift og gjennomføring
- ha gode analytiske evner og god evne til problemløysing
- ha gode pedagogiske evner
- vere i stand til å jobbe både sjølvstendig og tverrfagleg
- vere fleksibel og tilpasningsdyktig
Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna.
Vi tilbyr
Lønn etter avtale. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Vi er om lag 130 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Medarbeidarar som har eigna oppgåver kan få høve til å arbeide heimanfrå inntil 2 dager per veke. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), samt sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida.Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Møllergata 24, 0179 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Lege
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397812178
- Sist endret