
Overlege
Helse Bergen HF
- Frist 06.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Overlege og fagansvarleg for seleksjonsmedisin
Bli med på nybrottsarbeid i Noregs største legevaktdistrikt!
Har du interesse for helse blant sjøfolk? Då kan du vere den vi søker til ei spennende rolle ved Norsk Senter for Maritim Medisin og Dykkemedisin (NSMDM) i Helse Bergen.
Om NSMDM:
Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin er eit nasjonalt kompetansesenter ved Yrkesmedisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, med formål om å fremme helsa til sjøfolk, fiskarar, dykkarar, offshorearbeidarar mv. Senteret driv m.a. undervisning, rådgjeving, regelverksarbeid, saksbehandling, forsking, utvikling av medisinske læremiddel, seleksjonsmedisinske utgreiingar (dykkarar og sjøfolk) og driftar den telemedisinske legevakta for sjøfolk, Radio Medico.
Di rolle:
Som fagansvarleg for seleksjonsmedisin vil du ha ein variert arbeidskvardag og løyse senterets ulike oppgåver i samarbeid med dei andre tilsette på senteret. Du vil ha eit særleg ansvar for saksutgreiingar for Sjøfartsdirektoratet i Fagnemnda for helsesaker.
NSMDM er ein seksjon ved Yrkesmedisinsk avdeling som forutan NSMDM består av Arbeidsmedisinsk poliklinikk, Seksjon for klinisk spesialallergologi, Seksjon for hyperbarmedisin. Avdelinga har tre nasjonale behandlingstenester (spesifikk bronkial provokasjon ved mistenkt yrkesrelatert astma, yrkesmedisinsk utgreiing av yrkesdykkarar og elektiv hyperbar oksygenbehandling). Ved avdelinga jobber det leger, sjukepleiarar, yrkeshygienikarar mv.
I samband med denne utlysinga vurderer vi å etablere kontor i Oslo, og ser for oss å knytte til oss inntil 3 arbeidstakarar. Målet er å styrke fagmiljøet. Ved interesse for arbeid i Oslo, ber vi om at ein opplyser om dette i søknaden.
Besøk gjerne vår nettside for meir informasjon www.nsmdm.no
Bli med inn og møt assisterande seksjonsleiar Cecilie Tveit
Velkommen til eit inkluderande og nyskapande fagmiljø!
Arbeidsoppgåver
- Fagansvar for seleksjonsmedisin
- Medisinsk ekspert i Fagnemnda for helsesaker
- Telemedisinsk vakt - Radio Medico
- Undervisning og formidling
- Delta i fagutvikling og forbedringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Autorisert lege med klinisk erfaring
- Erfaring som sjømannslege eller petroleumslege
- Spesialistkompetanse i allmennmedisin, samfunnsmedisin, arbeidsmedisin eller anna relevant spesialitet
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Systematisk og resultatorientert
- Ansvarsbevisst med gjennomføringsevne
- Fleksibel med fokus på løysingar
- Inkluderande og samarbeidsorientert
- Stødig, empatisk
Vi tilbyr
- Spennande arbeid i eit aktivt og tverrfagleg miljø
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktig lønn
- Gode pensjons- og forsikringordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Jonas Lies vei 79, 5053 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
overlege, fagansvarlig, seleksjonsmedisin, Yrkesmedisin, maritim medisin
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397833207
- Sist endret