
Sommarjobb på Ørland
Forsvarsbygg
- Frist 03.04.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarjobb/ekstrapersonell, Ørland
Forsvarsbygg på Ørland søker etter 2 sommarvikarar/ekstrapersonell som skal sørge for at vedlikehald utomhus blir tatt hand om.
Vi har behov for 1 stk ekstrapersonell frå og med 20.04 - 30.09, og 1 stk sommervikar frå 23.06 - 22.08.
Som ekstrapersonell og sommarvikar vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Arbeid ut over oppgitte veker kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på vår karriereside: www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene vil vere relatert til utomhusdrift og kan for eksempel vere grasklipping, kratt- og skogrydding, planting og stelling av bed og parkanlegg.
- Noko vedlikehaldsarbeid i bygg kan vere aktuelt, då primært malearbeid.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Kvalifikasjonar
- Vi søker etter deg som trivast ute og som jobbar sjølvstendig og effektivt
- Du må vere fylt 18 år og ha førarkort kl B
- Må kunne autoriseras før oppstart
- Erfaring frå vedlikehald utomhus er å føretrekke.
- Det er ønskeleg med maskinførarbevis eller dokumenter erfaring som maskinførar.
Vi tilbyr
- For ekstrapersonellstillinga tilbys lønn som hjelpearbeidar (kode 1115), frå kr. 404 900 - 420 000,- i brutto årleg lønn, avhengig av kvalifikasjonar
- For sommervikarstillinga tilbys lønn som hjelpearbeidar (kode 1115) kr 404 900,- i brutto årleg lønn
Om arbeidsgiveren
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: 7130 Brekstad
- Bransje: Bygg og anlegg, Drift og vedlikeholdstjenester, Jordbruk og skogbruk
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Hjelpearbeider, Maskinfører og -operatør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ferievikar, drift, vedlikehold, sommerjobb, sesongarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397841594
- Sist endret