
Avdelingsleiar
Osterøy kommune
- Frist 21.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar Heimetenesta
Her har du moglegheita du har venta på!
Heimetenesta søker etter ein dedikert leiar med både fagleg og administrativ kompetanse og erfaring frå heimebaserte tenester og demensomsorg. Me ønsker en dyktig leiar som brenn for å levere tenester av høg kvalitet, og som har visjonar for framtidas helsetenester. Som avdelingsleiar vil du spele ei nøkkelrolle i å styrke avdelinga strategisk med fokus på bærekraft og fagleg utvikling.
Stillinga har avdelingsleiaransvar for Hauge Omsorgsbustad og Dagsenter for personar med demenssjukdom. Begge avdelingane er ein del av Heimetenesta og har tett samarbeid med heimebaserte tenester. Hauge omsorgsbustad inneheldt 16 husvære. Dei som bur her vert rekna som heimebuande og følger same retningsliner som andre heimebuande. Dagsenteret har åpent 4 dagar i veka. Senteret har tilknytta ressurssjukepleiar i demensomsorg som og gir oppfølging til heimebuande.
Som avdelingsleiar i Heimetenesta vert ein del av eit innovativt og framtidsretta leiarteam. Teamet består av 2 avdelingsleiarar og einingsleiar. Me har fokus på nærleiing og at dei tilsette skal ha medvirkning i tenesteutviklinga vår. Dette gjer me blant anna ved å ha faste møter, kalla medarbeidarkafé, der me jobbar aktivt med ulike tema ved hjelp av IGP-metoda.
Osterøy kommune heldt på med eit stort og spennande prosjekt, Omsorg +, med utbygging av omsorgsbustader og demenslandsby. Me har som mål å verte Norges mest bærekraftige omsorgstun der "alle" ønsker å bu og arbeide. I lag med leiarteamet vil denne stillinga få ei aktiv rolle inn i dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver er mellom anna:
- Delta aktivt i strategisk utvikling av tenestene til Heimetenesta gjennom driftsmøter, strategimøter, medarbeidarkafe, leiarmøter o.l.
- Fremme effektiv koordinering og samhandling både internt i eininga og på tvers av einingar og sektorar i samarbeid med leiarteamet
- Ansvar for personal, økonomi, HMT og internkontroll
- Sikre at tenestene oppfyller kvalitetskrav og lovpålagte standarder
- Overordna ansvar for fagleg utvikling
- Utarbeiding av årsturnus
- Pådrivar for bruk av velferdsteknologi
Kvalifikasjonskrav
- Krav om bachelorgrad i sjukepleie, HPR-nummer oppgis i søknaden
- Krav om 3 års erfaring som sjukepleiar
- Ønskjeleg med leiarutdanning og/eller leiarerfaring
- Ønskjeleg med utdanning og/eller erfaring innan demensomsorg og heimebaserte tenester
- God IKT-kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne, tilsvarande bestått bestått norskprøve C1. Dokumentasjon på bestått norskprøve skal vedlegges søknaden
- Førerkort klasse B
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Me tilbyr
- Dagstilling 37,5 timar
- Ei meiningsfull og utfordrande leiarstilling
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Moglegheit for å utvikle deg som leiar
- Konkurransedyktige lønnsbetingelsar
- 10 leiardagar etter HTA
- Gode pensjons- og forsikringsordningar, for tida plassert hjå KLP
Kven er du?
- Du er tydelig og god til å organisere, og har god gjennomføringsevne
- Du har gode samarbeidsevner og evne til å bygge relasjonar
- Du liker varierte og travle arbeidsdagar
- Du har evne til å tenke heilheitleg og bidra til utvikling av tenestene
- Du skaper oppslutning om felles mål og verdier
- Du har kjennskap til aktuelt lovverk og avtalar
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide (http://www.klp.no/pensjonsguiden?kommune=Oster%C3%B8y%20kommune&nynorsk=1&oftp=1&produkter=123) for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om arbeidsgiveren
I Heimetenesta får du brukt faget ditt på ein spanande og variert måte. Her er ingen dag lik og du vil møte mange ulike arbeidsoppgåver. Heimetenester består av Heimetenesta, Hauge Omsorgsbustad, Dagsenter for personar med demens, Praktisk bistand og Forvaltningstenesta.
Me er ein gjeng med stort engasjement, som ønskjer at våre tenester skal pregast av høg faglegheit og profesjonalitet til våre innbyggarar, deira pårørande og samarbeidspartnarar. Me jobbar mot framtida der mestings- og tryggleiksskapande teknologi, og det å bu heime heile livet står i fokus. Me heldt til i Familie- og Omsorgssenteret i Lonevåg, Hauge Omsorgsbustad er tilknytta Osterøytunet sjukeheim på Hauge og dagsenteret på Valestrand. Me ser fram til å verte betre kjend med deg!
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Osterøytunet 1, 5281 Valestrandsfossen
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Ledelse, Sykepleier
Nøkkelord
avdelingsleder, leder, sykepleier, hjemmetjeneste, demensomsorg
Familie- og omsorgssenteret. Din nye arbeidsplass? (1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397844227
- Sist endret