
Bioingeniør
Helse Bergen HF
- Frist 13.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Unik moglegheit for bioingeniør ved laboratoriet på Voss sjukehus
Ser du etter ein jobb med variasjon innan fleire fagfelt og eit godt arbeidsmiljø?
Laboratoriet ved Voss sjukehus har ledig fast 100% fast stilling som bioingeniør, og vi søkjer etter deg som ønskjer å vere med på å utvikle vårt medisinske laboratorium. Vi tilbyr ein variert og spanande arbeidskvardag med stor fagleg breidde, eit godt arbeidsmiljø og tett samarbeid med andre profesjonar på sjukehuset.
Kva kan vi tilby deg?
Fagleg mangfald: Arbeid innan fleire fagfelt som gir deg høve til å utvikle deg på tvers av spesialitetar. Vi tilbyr fagfelt innan hematologi og koagulasjon, klinisk kjemi/immunkjemi, preanalyse og blodprøvetaking, transfusjonsmedisin og mikrobiologi hurtigtestar.
Kjekt og inkluderande arbeidsmiljø: Vi har eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og lærer av kvarandre.
Balanse mellom jobb og fritid: Voss er omgitt av fantastisk natur og har eit rikt tilbod av utandørsaktivitetar, frå fjellturar og rafting til alpint og paragliding. Her kan du både nyte naturen og ha ein aktiv livsstil.
Kultur og fellesskap: Voss har eit mangfaldig kulturliv med kjente festivalar som Vossajazz og Ekstremsportveko, samt Voss Cup med tusenvis av deltakarar kvart år.
Konkurransedyktige lønns- og vilkår: Vi tilbyr eit godt lønnsnivå og ekstra støtte til eksterne søkjarar som flyttar til Voss. Du kan få dekka husleie med inntil kr. 6000,- per månad mot binding i 18 månader. Vi kan hjelpa til med å finna bustad. Bo- og flyttegodtgjersle på inntil kr. 40 000,- første 12 månader dersom moglegheita for leige av leilegheit ikkje blir benytta
Voss – ei bygd i vekst!
Voss er ikkje berre ein idyllisk stad å bu, men også eit knutepunkt for transport med god tilknyting til både Bergen og andre populære destinasjonar på Vestlandet. Togturen til Bergen tek berre 1 time og 15 minutt, og med bil er du der på om lag 1 time og 35 minutt.
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande. Studentar som får autorisasjon til våren vert óg oppfordra og til å søkje.
Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF. For meir informasjon om sjukehuset, les her
Arbeidsoppgåver
Som vaktgåande bioingeniør i turnus vil du i det daglege rullere mellom ulike fagspesifikke einingar innan feltet medisinsk biokjemi: preanalyse, klinisk kjemi/immunkjemi, hematologi og koagulasjon og pasientnær analysering.
Oppgåver knytte til transfusjonsmedisin inneber typing og screening. Laboratoriet ved Voss sjukehus utfører óg ulike hurtigtestar innan fagområdet mikrobiologi.
Tilsette ved laboratoriet er ein del av traumeteamet på Voss sjukehus, noko som bidreg til å oppretthalde akuttfunksjonen ved sjukehuset. Laboratoriet ved Voss sjukehus er ein seksjon under Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi ved Haukeland universitetssjukehus. Vegleiing av studentar er difor òg ei viktig arbeidsoppgåve for tilsette på laboratoriet.
Det er arbeidshelg kvar 3. helg i tredelt turnus. Dette gir ei arbeidsveke på 35,5 time.
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon eller 3. års student som oppnår autorisasjon til våren
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
- Oppteken av god pasientbehandling
- Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- Set pris på å samarbeide med kollegaer, men har óg evne til å ta sjølvstendige avgjerder
Vi tilbyr
- Løn etter overeinskomst
- Opplæringsprogram for nytilsette
- Rekrutterings- og beholder tillegg på kr 50 000,-. Tillegget blir regulert prosentvis etter stillingsstørrelse og er eit åreleg tillegg på topp av løn etter overeinskomst
- Kompetansetillegg på kr 15 000,- ved oppstart av aleinevakter (aften og natt). Tillegget er eit årleg tillegg på topp av løn etter overeinskomst
- Leilegheit med dekka husleie inntil kr. 6000,- per månad mot binding i 18 månader
- Bo- og flyttegodtgjersle på inntil kr. 40 000,- første 12 månader dersom moglegheita for leige av leilegheit ikkje blir benytta
- Årskort ved Voss Resort
- Turnusarbeid gir rom i kvardagen - mellom anna fri på dagtid på kvardager
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bioingeniør, voss sjukehus, spennende stilling, laboratorie
Annonseinformasjon
- FINN-kode 397907616
- Sist endret