Avdelingsleiarar
Kvam herad
- Frist 30.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiarar skule
ER DU EIN AV VÅRE NYE ENGASJERTE AVDELINGSLEIARAR?
Både Øystese skule og Kvam ungdomsskule har behov for ein ny avdelingsleiar kvar.
Begge skulane er sentralt plassert i vakre Øystese sentrum med Hardangerfjorden som næraste nabo. Skuleåret 2025/2026 vil Øystese skule ha 260 elevar, rektor, to avdelingsleiarar, sekretær, omlag 30 lærarar, åtte fagarbeidarar, to miljørettleiarar og fleire lærlingar. Øystese skule har behov for avdelingsleiar for 1.-4. trinn. Rektor og avdelingsleiarane er eit tett team og har eit godt samarbeid med dei andre tilsette.
Kvam ungdomsskule vil ha omlag 260 elevar og 40 tilsette neste år. Leiarteamet består av tre avdelingsleiarar og rektor, som samarbeider tett med administrativ medarbeidar og dei andre tilsette på skulen. Kvam ungdomsskule har behov for ein avdelingsleiar med ansvar for mellom anna skulemiljø, utvikling av profesjonelle læringsfellesskap, oppfølging av dei ulike trinna, prosjekt og vikararbeid. Noko undervisning vil og verta lagt til stillinga.
Dei tilsette ved skulane har høg fagleg kompetanse og god samarbeidskultur. Variasjon i undervisning og arbeidsmåtar, gode relasjonar og inkluderande klasseleiing er viktig i Kvammaskulen. Alle skulane i Kvam har støttesystem som gjev rask hjelp til elevar når behov dukkar opp. Skulane har eit aktivt og engasjert elevråd og ei foreldregruppe som støttar opp om eit trygt og godt skulemiljø.
Utviklingsområde i skulane i Kvam er: Implementering av ny læreplan, BTI (Betre tverrfagleg innsats), trygt og godt skulemiljø og ordinær, inkluderande undervisning.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar vil du:
- ha oppgåver som inneber fag- og personalansvar i skulen sitt leiarteam
- vidareutvikla ein trygg og god skule, med eit inkluderande læringsmiljø for elevane
- leia, motivera og utvikla eit profesjonelt læringsfellesskap som støttar og utfordrar
- bruka forskingsbasert kunnskap og skapa engasjement om felles mål i tråd med LK 20
- leggja til rette for at lærar/fagarbeidarar vert tildelt oppgåver ut frå kompetanse slik at læringsutbytet for kvar elev aukar
- ha medansvar for vikararbeid
- ha noko elevundervisning i stillinga di
- prioritera mellom mange arbeidsoppgåver og møta det uforutsette med ro, tryggleik og godt humør
- støtta rektor i å driva skulen i tråd med vedtekne rammer, politiske og administrative vedtak og lovverk
- involvera og samarbeida med elevar, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
Skulane ser etter deg som er open, fleksibel og som har gode samarbeidsevner. I tillegg vil me at kandidatane har interesse for utvikling av gode skulemiljø, då det vil vera ein sentral del av jobben. Har du utdanning /kompetanse innan endringsleiing og/eller skulemiljø vil det vera ein stor føremon.
Andre kvalifikasjonar:
- godkjent pedagogisk utdanning for barneskule/ungdomsskule jf. forskrift til opplæringslova § 12-2, 12-3, 12-4
- digital kompetanse og interesse for digital utvikling av skulen
- erfaring frå undervisning på 1.-7 trinn/8.-10. trinn er ei føremon
- skuleleiarerfaring og/eller nasjonal skuleleiarutdanning er ein føremon
- annan relevant høgskulebakgrunn og/ eller leiarutdanning vil verta vurdert om det ikkje er aktuelle søkjarar som stettar krava om pedagogisk utdanning i jmf. forskrift opplæringslova §12-2, 12-3, 12-4
- utdanning/kompetanse innan endringsleiing og/eller arbeid med skulemiljø er ei føremon
Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden.
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på personlege eigenskapar som:
- gode relasjons- og samarbeidsevner
- at du er trygg, tydeleg, strukturert og systematisk
- at du har evne til å inspirera, rettleia, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
- gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
- engasjement og fleksibilitet
- at du evnar å arbeida systemretta, sjå heilskapen og utvikla Kvammaskulen i tråd med lovverk, læreplanar og politiske føringar
Me tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og teamkultur
- leiarsamlingar med alle 80 leiararane i kommunen
- systemretta utvikling av skulen med vekt på kollektiv kapasitet
- spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
- gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Om arbeidsgiveren
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
- Nettverk: Facebook
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Ingebrigt Vik-vegen 28, 5610 Øystese
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Inspektør, Ledelse, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
skoleleder, skuleleiar, leder, leiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398287831
- Sist endret