Bildegalleri
Oppgradert iMac 2013 - Samsung 512GB SSD/16GB RAM/reingjort
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Merke: Apple
Her er ein superfin iMac 21,5-toms sein 2013-modell til sals. Oppgradert på dei viktige punkta: Reingjort maskin, splitter ny og rask Samsung Pro 850 512 GB SSD, dobbelt så mykje minne som originalt: 16 GB. Ein rask firekjerners Intel i5-prosessor på 2,9GHz.
Førre eigar rensa maskina for støv og skit i november 2024, så denne vil ikkje ta fyr slik andre kan gjera på grunn av støv inni.
Du kan velja operativsystem til denne: Anten ei Linux-utgåve du bestemmer sjølv, klargjort for ny brukar, eller MacOS som kom med (Sequoia). Eg klargjer ein av dei slik du ynskjer, ta kontakt.
Maskina ser heilt lik ut dei som vart laga fram til 2019, og greier alle oppgåvene som ei ny maskin gjer, men til ein mykje rimelegare pris. Nypris på desse maskinene var 13000-16000. Eit særs lekkert design, og fungerer ypperleg både som arbeidsmaskin og som møbel. Skjermen er stor, fin, fargesterk og god skjerm sjølv om han er "berre" 21,5 tommar. Dette gjer maskina lett å plassere.
Denne har rask og påliteleg 512 GB Samsung SSD-disk, eit godt skjermkort, 16 GB minne (mot 8 originalt!). Til saman ein god kombinasjon som gjev ei rask maskin. Eg har ikkje tastatur og mus til denne, men det er lett å få tak i. Eg kan sende, og pakkar godt.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 17.3.2025 kl. 20:48 ・ FINN-kode: 398301475