HR-rådgjevar
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
- Frist 31.3.2025
- Ansettelsesform Fast
HR-rågjevar innanfor personaladministrasjon
Er du ein serviceinnstilt og detaljorientert person med interesse for personaladministrasjon inkludert lønn? Har du evne til å handtere fleire arbeidsoppgåver samtidig og trivst med å rettleie andre? Då kan du vere den vi leitar etter! Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) søkjer no ein HR-rådgjevar som kan bidra til å styrkje vår HR-desk og sikre kvalitet i våre personaladministrative prosessar.
Du skal:
sakshandsame og gi støtte innanfor personaladministrasjon, inkludert lønn
handtere og følgje opp førespurnader til HR (betene HR-desk)
bidra til å digitalisere arbeidsprosessar og vidareutvikle rutinar og retningslinjer
Kvalifikasjonar
Du må ha:
relevant bachelorgrad. Minimum eitt årsstudium frå høgskule og relevant erfaring kan kompensere for kravet til bachelorgrad. Utdanning frå utlandet må vere godkjent av Direktoratet for høgare utdanning.
erfaring med sakshandsaming knytt til ei eller fleire av arbeidsoppgåvene
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Følgjande personlege eigenskapar:
strukturert - evne til å handtere fleire arbeidsoppgåver samtidig
fleksibel - tilpassingsdyktig og endringsvillig
lagspelar - god relasjonsbyggjar som deler erfaring og samarbeider
god gjennomføringsevne - tek initiativ og jobbar sjølvstendig
tillitsskapande og serviceinnstilt
Vi ønskjer at du har:
erfaring med sakshandsaming frå offentleg sektor
god tallforståing
erfaring frå tidsadministrasjon, inkludert turnus
god forståing for lov- og avtaleverk
interesse for å ta i bruk nye digitale verktøy og system på HR-området
Vilkår
Fast stilling som rådgjevar (stillingskode 1434) med årsløn frå kr 600 000 til 700 000.
Om avdelinga og stillinga
DSB er ein kompleks organisasjon som omfattar mange ulike fagområde og eit breitt spekter av profesjonar og kompetanseområde. HR har ein sentral funksjon som støtte for heile verksemda. Avdelinga har ansvar for fagområda rekruttering, kompetanseutvikling, leiarutvikling, personaladministrasjon, lønn, organisasjonsutvikling, medbestemming og HMS. HR har 13 medarbeidarar med brei kompetanse innanfor HR-faget.
Du vil bli ein del av personaladministrasjonsteamet vårt som i dag består av sju engasjerte kollegaer. Teamet har ansvar for personaladministrasjon, sjukefråværsoppfølging, HMS, lønn og kontroll av lønnsutbetalingar, inkludert reiserekningar. Teamet har òg eit ansvar for å svare ut saker som kjem til vår HR-desk.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik. Meir om tryggleik i DSB finn du på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen/sikkerhet-i-dsb
Hos oss får du
medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/
fleksibel arbeidstid
bedriftshelseteneste
høve til å trene i arbeidstida
tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. For alle stillingar som ikkje krev tryggleiksklarering, vil DSB gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR. Meir om rekrutteringsprosessen i DSB finn du på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb/rekrutteringsprosessen
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
Avdelingsdirektør HR, Kirsten Agerup: e-post kirsten.agerup@dsb.no, telefon 33 37 33 14
Du finn meir informasjon om å jobbe i DSB på www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb
Velkomen som søkjar hos oss!
Om arbeidsgiveren
For meir informasjon om å jobbe i DSB, sjå www.dsb.no/om-dsb/jobb-i-dsb
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rambergveien 9, 3115 Tønsberg
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Kontor og administrasjon
Nøkkelord
personaladministrasjon, HR, lønn, HR-rådgiver, veiledning
DSB sitt hovudkontor ligg rett ved Tønsberg brygge.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398322624
- Sist endret