Reinhaldsarbeidar
Helse Fonna HF
- Frist 31.03.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Vi søkjer reinhaldsarbeidar
Vil du ha ein jobb der du verkeleg betyr noko?
Tenk deg ein arbeidsdag der du veit at du er viktig for at andre skal ha det bra. Som reinhaldar ved Haugesund sjukehus er du med på å skape eit trygt og godt miljø for pasientar og kollegaer. Du er ein nøkkelperson i å halde sjukehuset reint og ryddig, slik at alle kan fokusere på det dei skal.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med kollegaer frå mange ulike nasjonalitetar. Vi jobbar saman, har felles pausar og støttar kvarandre i kvardagen. Vi legg til rette for at du kan utvikle deg både fagleg og personleg, med moglegheit for vidareutdanning, språkkurs frå hausten av og opplæring i digitale verktøy.
👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi å få søknaden din!
Kva går jobben ut på?
Arbeidet omfattar
- dagleg og periodisk reinhald av sjukehuslokale og møbler
- smittereinhald etter prosedyrar
- påfyll av forbruksvarer og vedlikehald av reinhaldsutstyr
Vi bruker CleanPilot for å planleggje og dokumentere arbeidsoppgåver.
Kva kompetanse treng du?
- Erfaring eller utdanning: Fagbrev som reinhaldsoperatør er ein fordel, men lang erfaring frå reinhald på helseinstitusjon kan kompensere for dette.
- Fagkunnskap: Det er ein fordel om du har kjennskap til smittereinhald, periodisk reinhald og vedlikehald av maskinar.
- Nøyaktigheit: Du må kunne utføre reinhald etter avtalte kvalitetskrav og sørgje for eit trygt og hygienisk miljø.
- Digitale ferdigheiter: Arbeidsplan og rutinar ligg på nettbrett, så grunnleggjande datakunnskap og evne til å bruke Teams og intranett er viktig.
- Språk og kommunikasjon: Du må kunne forstå og kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg (minimum B1-nivå). Du må også kunne lese teknisk informasjon og betjene vakttelefon ved behov.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- tek ansvar og jobbar godt både åleine og saman med andre.
- har ein positiv innstilling og trivst med å jobbe med folk.
- liker å lære og handterer endringar i arbeidsoppgåver på ein god måte.
- samarbeider godt med kollegaer og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- har god arbeidskapasitet og står på for å få jobben gjort.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
- Du får god opplæring i tråd med gjeldande standardar, slik at du blir trygg i jobben.
- Vi legger til rette for videreutdanning, språkkurs fra høsten av og økt fokus på digitalisering
- Trygg økonomi med god pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Løna er i samsvar med gjeldande tariffavtale.
Du blir ein del av eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, varierte arbeidsdagar og ein kvardag der vi dreg lasset saman.
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Renhold, sykehus, renholdsoperatør, helseinstitusjon, Haugesund
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398334609
- Sist endret