
Fengselsbetjent tilkallingsvikar
Ålesund fengsel
- Frist 06.04.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Fengselsbetjent tilkallingsvikar
Om stillinga
Vil du gjere ein forskjell? Vi søkjer faglærte fengselsbetjentar som ønskjer å bidra i kriminalomsorga som tilkallingsvikar ved Ålesund fengsel. Vi treng deg både til sommaravvikling og til tilkalling ved behov resten av året.
Som fengselsbetjent har du ei viktig rolle i å ivareta tryggleik, orden og eit rehabliterende miljø for dei innsette. Du vil jobbe tett med både innsette og kollegaer for å sikre ein trygg og strukturert kvardag.
Arbeidsoppgåver
- ivareta tryggleik for innsette og tilsette
- bidra til grensesetjing, konflikthåndtering og progresjonsarbeid
- avdelingsteneste med daglege oppgåver knytte til innsette
- kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
- vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdelinga
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
- evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
- tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø saman med gode kollegaer
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- moglegheit for parkering ved fengselet
- stillinga blir lønna som fengselsbetjent, stillingskode 0264 fra kr. 470 100 - 573 000 - pr år avhengig av kompetanse og ansiennitet
Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Elinda Erstad tlf. 70118347.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om arbeidsgiveren
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Kippervikgt. 16, 6003 Ålesund
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon, Politi og sikkerhet
- Stillingsfunksjon: Sikkerhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398339204
- Sist endret