
Prosjektøkonom - rådgjevar ved Det humanistiske fakultet
Universitetet i Bergen
- Frist 06.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Prosjektøkonom – rådgjevar ved Det humanistiske fakultet
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Prosjektøkonom - rådgjevar ved Det humanistiske fakultet
Velkomen som søkjar til ei fast stilling som prosjektøkonom ved Det humanistiske fakultet (https://www.uib.no/hf). Vi treng ein dyktig og motivert prosjektøkonom så snart som råd.
Fakultetet ønskjer å auke aktiviteten knytt til eksternfinansierte prosjekt dei neste åra, og har allereie ein veksande portefølje. Prosjekta er stort sett innan forsking, men er òg knytt til vidareutdanning og infrastruktur. Dei største finansieringskjeldene er Noregs Forskingsråd, EU-kommisjonen og offentlege organ. Fakultetet har allereie ein betydeleg portefølje med mellom anna to sentre for framifrå forsking, eit nytt senter for norsk fagspråk og fleire EU tildelingar.
Fakultetet består av fire institutt og to sentre og fakultetstadministrasjonen. Prosjektøkonomen vert ein del av Seksjon for økonomi som har ni tilsette og er ein del av fakultetsadministrasjonen. Seksjonen har ansvar for budsjettering og rapportering for både grunnløyving og eksternfinansiert verksemd ved fakultetet.
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stilling som rådgjevar kan det bli aktuelt å tilsette i stilling som seniorkonsulent. Krav til kvalifikasjonar og erfaring vert då redusert tilsvarande.
Arbeidsoppgåver
Prosjektøkonomen vil følgje sine prosjekt frå A til Å, frå søknadsarbeid til oppstart, oppfølging og avslutning. I alle desse fasane er det svært viktig å forstå og forklare verknaden eksternfinansierte prosjekt har på grunnløyvinga og totaløkonomien, og å ha eit overordna blikk på porteføljen i samband med budsjettering og rapportering. Eksempel på arbeidsoppgåver:
- Støtte prosjektleiar i søknadsfasen ved å gi råd og lage prosjektbudsjett til diverse søknadsportalar. Berekne framtidige effektar på totaløkonomien og formidle dette til institutt- og fakultetsleiing.
- Følge opp prosjekta i heile levetida og halde dei à jour: jamleg oppfølging mot kontrakt og budsjett, fakturering, dialog og rapportering til prosjektleiar, finansieringskjelde og institutt/fakultet.
- Opparbeide særskilt kompetanse om enkelte prosjekttypar og einingar ved fakultetet, til dømes koordinatorprosjekt med komplekse finansieringskjelder. For stilling som rådgjevar må det påreknast økonomioppfølging av eitt eller fleire sentre og tilhøyrande prosjektportefølje.
- Opplæring i prosjektøkonomi for prosjektleiarar.
- Utvikle samarbeid og rutinar knytt til eksternfinansiering, både internt på seksjonen, med andre funksjonar og med leiinga.
- Bidrag til andre analysar, prognosar og andre påkomande oppgåver som seksjonen har ansvar for må påreknast.
- Det kan over tid ventast endringar i stillinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Vi søkjer etter deg som har:
- Mastergrad i økonomiske fag. Lang, relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Fleire års relevant erfaring er naudsynt ved tilsetjing som rådgjevar.
- God forståing for tal og økonomi, med naudsynt presisjon i arbeidet.
- Brei røynsle i bruk av Excel og generell IT-/systemkunnskap.
- God evne til å forstå kontraktar og utlysingar for forskingsprosjekt på norsk og engelsk.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
- Gode samarbeidsevner, sjølvstende og god gjennomføringsevne.
Vi ønskjer at du er:
- Motivert for arbeidsoppgåvene.
- Serviceinnstilt og tar initiativ.
- Sjølvstendig, men samarbeider godt med andre.
- Analytisk og løysingsorientert.
- Strukturert og effektiv.
- Ein som bidreg positivt til det faglege og sosiale fellesskapet.
I vurderinga av søkjarane blir det lagt stor vekt på dei personlege kvalifikasjonane som trengst i stillinga.
Vi kan tilby
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, utfordrande arbeidsoppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving.
- Løn som rådgjevar (kode 1434) med ei årsløn frå kr 605 000 til kr 700 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. Alternativt løn som seniorkonsulent (kode 1363) med ei årsløn mellom kr 575 000 og kr 625 000. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
- Ei stor kontaktflate i organisasjonen.
- Erfarne kollegaer som deler kunnskap.
- Fleksitid og gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd).
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Nærare informasjon om stillinga får du frå seksjonsleiar Annhild Fetveit, telefon 55 58 93 86 eller e-post: annhild.fetveit@uib.no eller fakadm@hf.uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK STILLINGA». Originale vitnemål og attestar må visast ved et eventuelt intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Harald Hårfagres gate 1, 5007 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Økonomi og regnskap, Økonomistyring og budsjettering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398340056
- Sist endret