Bildegalleri
Rugeegg blanding av lohmann, ISA brun og Rhode Island red
Beskrivelse av varen
Flokken består av høner som er ruga frå isa brun og lohmann. Dette er hybridrasar, kryssinger av særleg rhode Island red og kvite leghorn. I andre generasjon kjem derfor trekka til desse grunnrasane tydeleg fram igjen. Hanen vår er ein RIR hane, så kyllingane vil vera i hovudsak raude.
I og med at lohmann og isa brun er industrihøns, er desse veldig gode eggleggarar. Dei legg godt også på vinteren, sjølv utan ekstra belysning. Dei er framifrå hagehøns. Dei er relativt små, rolege, venlege og lette å sosialisere.
Ved første omgang prøveruging er 25 av 28 befrukta.
Fortrinnsvis bør egga hentast i Bergen. Kan sende godt innpakka i bobleplast, men sjølve frakta skjer på kjøpar sitt eige ansvar. Eg kan dessverre ikkje garantere for korleis Posten behandlar pakkane.
Totalt for pakking og sending er prisen 300 kroner, uansett kvar i landet du bur.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 17.3.2025 kl. 17:31 ・ FINN-kode: 398347579