
førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar
Energidepartementet
- Frist 01.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Økonom - analyser
Om stillinga
Er du interessert i energispørsmål og kunne tenke deg å jobbe med analysar av blant anna verdas største råvaremarknad, og Noregs viktigaste eksportvarer? Seksjon for energi- og marknadsanalyse i Olje- og gassavdelinga tilbyr no fast stilling som førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar.
Stillinga inneber analyse av globale energimarknadar, med særleg vekt på olje- og gassmarknadane. Vi ser etter deg med eit analytisk hovud, med gode føresetnadar for å dykke inn i komplekse marknader, som er høgst relevant for sentrale problemstillingar innan energi-, økonomi-, klima-, og geopolitikk, både for Noreg og globalt.
Stillinga vil gi god innsikt i utviklinga i dei internasjonale energimarknadane og i arbeidet med å gjennomføre norsk petroleumspolitikk.
Noko reising må påreknast.
Seksjon for energi- og marknadsanalyse i Olje- og gassavdelinga
Olje - og gassavdelinga skal bidra til å gjennomføre petroleumspolitikken fastsett av Stortinget og regjeringa. Avdelinga skal utvikle petroleumspolitikken vidare for å legge til rette for at måla for petroleumsverksemda vert nådd.
Seksjonen har eit hovudansvar for å følge med på og analysere utviklingstrekk som utgjer sentrale premiss for gjennomføring og vidareutvikling av petroleums-, CO2-lagrings- og havbotnmineralpolitikken på kort og lang sikt. Seksjonen er sekretariat for Petroleumsprisrådet, og har ansvar for å utarbeide kort- og langsiktige anslag for prisane på olje, gass og våtgass. Seksjonen følger opp norske interesser og marknadsspørsmål internasjonalt, medrekna IEA, IEF, samt i ulike bilaterale samanhengar. Vidare arbeider seksjonen òg med saker knytt til den indre marknaden og EU.
Kvalifikasjonar
Naudsynte kvalifikasjonar
- Stillinga krev gode kunnskapar innan økonomi på mastergradsnivå.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Ønskelege kvalifikasjonar
- Erfaring med bruk av Excel, eller andre dataverktøy for kvantitativ analyse.
- Forståing innan energifeltet og økonomi generelt.
- Jus i fagkrinsen
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som er ansvarsbevisst, sjølvstendig, strukturert og har gode evner til samarbeid. Du har høg arbeidskapasitet, tek initiativ og er god på framdrift og gjennomføring. Analytiske evner vil bli vektlagd.
Nyutdanna oppfordrast til å søke.
Vi tilbyr
- Interessante og utfordrande oppgåver i skjeringspunktet mellom fag og politikk
- Høve til fagleg utvikling i eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Lønnspenn frå kr. 550 000 - 850 000 i året. For spesielt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast
- Fleksibel arbeidstid, pensjonsordning og betalt overtid
- I tillegg får du alle goda ved å vere tilsett i staten. Det vil mellom anna seie fleksitid, lønna overtid, sommartid og medlemskap i Statens pensjonskasse, noko som inneber tenestepensjonsordning og yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Du får også moglegheit til å trene i arbeidstida.
Generell informasjon
Mangfald og inkludering: Energidepartementet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke og ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing.
Søknad: Vitnemål, karakterutskrifter og relevante attestar må leggjast ved søknaden.
Søkarliste: I medhald av offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om å ikkje bli oppført på søkarlistene.
Bakgrunnssjekk: Vi gjennomfører bakgrunnssjekk på kandidaten som tilsetjast. Tilsetjing føreset at er godkjent.
Krav til autorisasjon: Den som blir tilsett må kunna autoriserast for handsaming av informasjon gradert BEGRENSET eller høgare etter tryggingslova
Rekrutteringsprosessen: Les meir om rekrutteringsprosessen og om korleis det er å jobbe i Energidepartementet på www.jobbienergidepartementet.no.
Om arbeidsgiveren
Hovudoppgåva til Energidepartementet er å leggje til rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk.
Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvaltning av energiressursane.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Akersgata 59, 0180 Oslo
- Bransje: Markedsanalyse, Offentlig administrasjon, Olje og gass
- Stillingsfunksjon: Analyse, Økonomi og regnskap, Samfunnsøkonomi
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398362449
- Sist endret