Sommarjobb i teknisk avdeling
Øystre Slidre kommune
- Frist 07.04.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarjobb i teknisk avdeling
Det er behov for ferievikarar på teknisk avdeling i Øystre Slidre kommune.
Områda det er behov for vikarar er:
- Reinhald og heimehjelp
- Vaktmeistertenesta
- VA: registrering og kartlegging av VA-nett
Skriv i søknaden kva område du søkjer om å jobbe i.
Arbeidsoppgåver
Reinhald:
Vask av kommunale bygg etter reinhaldsplan.
Heimehjelp:
Yte praktisk bistand til menneske som treng hjelp til å meistre daglege gjeremål i sin eigen heim.
Vaktmeister:
Vedlikehald av kommunale bygg og anlegg. Døme på oppgåver er grasklypping, beising, rydding m.v.
VA:
Kartlegge vatn -og avløpsanlegg
Dokumentere anlegg med bilder
Registrere data i Gemini portal / Gemini VA
Andre driftsoppgåver
Det kan være moglegheit for fleire tilsettingar.
Kvalifikasjonar
Reinhald/heimehjelp/vaktmeister:
- Det er ein fordel med førarkort klasse B og tilgang på eigen bil
- Fagbrev som reinhaldsoperatør eller innan handverk er positivt, men det er ikkje noko krav
- Du må ha interesse for faget, og det er ønskjeleg med relevant erfaring
- Det er nødvendig med gode norskkunnskapar
VA:
- Datakyndig, må beherske PC / nettbrett / teknisk utstyr
- Førerkort klasse B og disponere eigen bil
- Kommunisere godt, skriftlig og muntlig på norsk
Personlege eigenskapar
Me ser etter sjølvstendige, serviceinnstilte og samarbeidsvillige personar som har interesse for faget og ønskjer å gjere ein god jobb.
Personlige eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Ryddige arbeidsforhold og lønn etter tariff.
Kontaktperson reinhald/heimehjelp: Inga Sceliene, tlf 96833475
Kontaktperson vaktmeister: Gunnar Melbye, tlf 99434308
Kontaktperson VA: Jostein Wårum, tlf 99293448
Om arbeidsgiveren
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sommerjobb, teknisk avdeling, valdres, øystre slidre, vikar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398430901
- Sist endret