
Stipendiat
Høgskulen på Vestlandet
- Frist 21.04.2025
- Ansettelsesform Engasjement
Stipendiat innan litteraturdidaktikk
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig stilling som stipendiat innan Litteraturdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Om stillinga:
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), campus Bergen, er det ledig ei åremålsstilling som stipendiat innan Litteraturdidaktikk. Stillinga er knytt til prosjektet NeVa (https://www.hvl.no/en/research/project/negotiating-values-in-norwegian-teacher-education-eng/) (Negotiating Values in Teacher Education) med finansiering frå Norges Forskningsråd (NFR) 2025-2028.
Som stipendiat i NeVa vil du delta i utvikling av ny kunnskap om korleis skulen sine overordna verdiar blir forhandla om i undervisning og pensum i lærarutdanninga. Stipendiaten i litteraturdidaktikk vil særleg vere knytt til NeVas arbeidspakke 2, som stiller følgjande forskingsspørsmål:
- Korleis forstår norske og britiske lærarutdannarar og lærarstudentar dei utvalde kjerneverdiane i LK20 og Storbritannias Fundamental British Values?
- I kva fag og gjennom kva tekstar og metodar blir norske og britiske lærarstudentar undervist om sentrale samfunnsverdiar, og korleis set pensumtekstar og undervisning i gang forhandlingar om skolen sine verdiar? Kva ord og uttrykk brukar lærarstudentar og lærarutdannarar når dei diskuterer verdiar og verdiforhandlingar, og kan dette språket vurderast som inkluderande?
I tillegg vil stipendiaten vere del av HVL sitt fagmiljø innan litteraturforsking gjennom deltaking i forskargruppa Litteraturdidaktikk (https://www.hvl.no/forsking/gruppe/litteraturdidaktikk/).
Phd-prosjektet kan rammast inn som tekststudium av pensumlitteratur i lærarutdanninga eller som kvalitativ undersøking av litteraturundervisning. Ein kombinasjon vil og vere i tråd med NeVa si målsetting. NeVa fokuserer på forhandlingar knytt til følgande tre verdiar i LK20 si overordna del: menneskeverd, identitet og kulturelt mangfald, kritisk tenking og etisk medvit. Prosjektet må vere tematisk knytt til fortolkings- og forhandlingsprosessar om minst ein av desse verdiane.
Forskingsprosjektet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL), Universiteta i Agder (UiA) og Stavanger (UiS), York og Bedfordshire (Storbritannia). Stipendiaten vil få forskingssamarbeid med institusjonane som er med i NeVa-prosjektet og vert oppmoda om å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden. NeVa sine samarbeidspartnarar i Storbritannia er aktuelle vertsinstitusjonar.
Fakultetet si forsking er organisert i eitt forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram og 49 forskargrupper. Ei oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet finn du HER. Dette prosjektet høyrer inn under forskingsprogrammet Språk, kommunikasjon og læring (SKoL (https://www.hvl.no/forsking/program/skol/)).
Stipendiatprosjektet må vere tematisk relevant for fakultetet si forskingsverksemd og for ph.d.- programmet "Danning og didaktiske praksisar". Ph.d.-programmet omfattar om lag 80 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptakskrav for programmet HER (https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiske-praksisar/).
Samla stipendiatperiode er tre år. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved HVL, campus Bergen i tilsettingsperioden.
Det vil bli gjort frådrag i tilsettingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.
Det er ønskeleg med tiltreding 1.8.2025.
Ansvars- og arbeidsområde:
Som stipendiat er oppgåva di å:
• delta i utvikling av ny kunnskap om korleis skulen sine overordna verdiar blir forhandla om i undervisning og pensum i lærarutdanninga
• vere knytt til forskingsprosjektet NeVa med hovudvekt på litteraturforsking og litteraturdidaktikk
Stipendiaten skal inngå i eit opplæringsprogram for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år utan pliktarbeid. Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling, og i tillegg til å gjennomføre ph.d.-prosjektet er det forventa at den som blir tilsett skal:
- bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL, særleg gjennom konstruktiv deltaking i forskargruppa Litteraturdidaktikk.
- presentere eiga forsking skriftleg og munnleg på nasjonale og internasjonale vitskaplege konferansar og i vitskapelege publikasjonar.
Kvalifikasjonskrav:
Søkjar må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarande i nordisk/engelsk litteratur / litteraturdidaktikk eller allmenn litteraturvitskap og kunne dokumentere gode studieresultat.
Det er ein føresetnad at stipendiaten vert teke opp på ph.d.-programmet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved HVL og oppfyller krava for opptak til Ph.d.-studiet. (https://www.hvl.no/globalassets/hvl-internett/dokument/p.hd/opptakskrav-danning-phd.pdf)
Søkjarar må leggje ved ei prosjektskisse på 5 sider (litteraturlista kan koma i tillegg) som kortfatta, men med tydeleg forankring i relevant forskings- og metodelitteratur på feltet, grunngjev tema/problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt. Denne vert brukt i vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten. Prosjektskisser av høg vitskapleg kvalitet på forskingsområde til FLKI vil bli prioritert.
Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjande karakterar:
- på masteroppgåve eller tilsvarande: karakter B eller betre
- på masterstudie - gjennomsnitt for studiedelen: karakter B eller betre
Søkjarar med mastergrad utan pedagogisk eller didaktisk komponent må dokumentere minimum 5 stp. pedagogisk utdanning eller 1 års heiltidspraksis frå pedagogisk/didaktisk arbeid.
Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein HER (https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiske-praksisar/). Søknad om opptak til dette ph.d.-programmet skal først sendast ettereventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teken opp på ph.d.-programmet. I denne perioden vidareutviklar stipendiaten prosjektskissa si til ei fullverdig prosjektskildring under rettleiing og søkjer om opptak i ph.d.-programmet. Nærare informasjon om korleis du søkjer opptak til ph.d.-programmet finn du HER (https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiske-praksisar/for-deg-som-vil-soke-opptak-til-ph.d.-programmet/). Stipendiatar som vert tilsett vil bli oppmoda om å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiat perioden.
Ønska kvalifikasjonar:
- svært gode ferdigheiter i språka norsk og engelsk
- beherske ulike kvalitative og tekstanalytiske metodar
- undervisningserfaring frå skule
- tidlegare vitskapelege publikasjon(ar) og/eller utviklingsarbeid
Personlege eigenskapar:
Den som vert tilsett må ha
- gode samarbeids- og formidlingsevner
- evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel
- høgt etisk medvit i forskingsarbeidet er påkravd (særleg gjeld dette når personar innan eige utdanningsfelt vil inngå som deltakarar i dataproduksjonen
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillingen" på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;
- masteroppgåva/hovudfagsoppgåva
- inntil fem vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
- fullstendig publikasjonsliste
- prosjektskildring
- attestar og vitnemål.
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d)
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet/jeg-har-utdanning-fra-utlandet/sok-godkjenning-av-hoyere-utdanning-bachelor-master-ph-d/automatisk-godkjenning-et-raskere-alternativ)
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.
Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.
Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:
1) Prosjektleiar Jena Habegger-Conti, jena.lee.habegger-conti@hvl.no
2) Instituttleiar Tom Rune Kongelf, 57 67 63 37, Tom.Rune.Kongelf@hvl.no
Om arbeidsgiveren
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har omlag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Inndalsveien 28, 5063 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Forskning/Stipendiat/Postdoktor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398435162
- Sist endret