
Bemanningskoordinator
Fjord1 AS
- Frist 20.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Har du kontroll og oversikt? Vi treng deg!
Likar du å handtere fleire oppgåver samtidig? Er du god på å etablere relasjonar med ulike mennesketypar?
Fjord1 er ein verdensleiane pioner innan det grøne skiftet - over halvparten av våre farty er elektriske. Vi er i front på teknologi og berekraft, men vi veit at dei beste løysningane krev dei rette og beste folka. No ser vi etter ein bemanningskoordinator som skal ha ansvaret for bemanning av hurtigbåtane til Fjord1. Du vil inngå i eit team beståande av operativ leiar, teknisk inspektør. Saman har dykk ansvar for ei portefølje av fartøy som skal driftast best mogleg til ei kvar tid.
Vi har spurt våre erfarne bemanningskoordinatorar korleis dei vil beskrive sin arbeidskvardag, og kvifor du burde søkje stillinga. Dei seier at rolla aldri er kjedeleg, og ingen dag er heilt lik. Det er stor variasjon i arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for kontinuerleg læring. Kontakta du får med kollegaer på både sjø og land gjer dette til ei viktig og spennande stilling. Problemløysing er ein del av kvardagen, og du må finne glede i å løyse små og store utfordringar.
Slik blir arbeidskvardagen din
Som bemanningskoordinator vil du ha ei sentral rolle i planlegging og organisering av bemanning for hurtigbåtane i Bergen. Du vil jobbe tett med mannskapet, operativ leiar og teknisk inspektør for å sikre ei effektiv og god drift. Arbeidskvardagen er variert, og du vil ha ansvar for fleire oppgåver som krev struktur, kommunikasjon og fleksibilitet.
Bemanningsansvarleg for fartøy i eigen portefølje
Oppfølging/kontroll av kompetansekrav
Planlegging og koordinering av mannskap ifm. verkstadopphald
Bygge sesongplanar og heilårsplanar
Sakshandsaming og oppfølging av medarbeidarar
Sjukefråversoppfølging
Oppfølging av tariff/lønn
Kven passar denne jobben for?
For å trivast og lykkast i denne rolla må du like å jobbe med mennesker og ha eit godt pågangsmot. Du evnar å bygge gode relasjonar og samarbeide godt med både mannskap og leiing. Struktur og planlegging er ein naturleg del av arbeidskvardagen din, og du held oversikt sjølv i ein travel situasjon. Har du erfaring frå maritim næring og kjennskap til kvalifikasjonskrava for sjøfolk, er det ein fordel. Relevant utdanning er ønskjeleg, men erfaring kan kompensere. Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, er eit krav.
Lurar du fortsett på kvifor du skal søkje?
Vi tilbyr ein jobb der ingen dag er lik, og der du verkeleg kan gjere ein forskjell! Som bemanningskoordinator vil du ha ei sentral rolle i å sikre at våre hurtigbåtar er bemanna på best mogleg måte, og du vil jobbe tett med både mannskap og leiing for å løyse utfordringar i ein spanande bransje.
Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der godt humør, samarbeid og open kommunikasjon er viktige verdiar. Her får du ein spennande jobb med høve til å utvikle deg fagleg og personleg i ein framtidsretta og innovativ maritim organisasjon. Vi skapar eit arbeidsmiljø der engasjement og samhandling er sentralt. Vi trur på pålitelegheit og kvalitet i alt vi gjer, og vi samarbeider på tvers av avdelingar for å finne dei beste løysingane.
Vi tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, fleksible arbeidsordningar og svært dyktige kollegaer. Du får tilgang til gode velferdsordningar, som hytter og leilegheiter for ferie og fritid.
Er du nysgjerrig på denne stillinga? Send oss gjerne ein søknad, eller ta kontakt om du vil vite meir!
Om arbeidsgiveren
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
- Nettverk: Facebook, LinkedIn
- Sektor: Privat
- Sted: Kong Chr. Frederiks Plass 5, 5006 Bergen
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Konsulent og rådgivning, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Kontor og administrasjon, Koordinering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Bemanning, Hurtigbåt, Koordinering, Personaloppfølging, Personal
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398441423
- Sist endret