
Avdelingsdirektør ( leiar for dokumentasjonsforvaltninga)
Klima- og miljødepartementet
- Frist 01.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer leiar til dokumentasjonsforvaltninga
Kva gjer vi i seksjon for dokumentasjonsforvaltning?
Seksjon for dokumentasjonsforvaltning har ansvar for dokumentasjonsforvaltning, inkludert brukarstøtte i det elektroniske saksbehandlings- og arkivsystemet vårt, Websak. Det er eit omfattande fagleg samarbeid med tilsvarande funksjonar i dei andre departementa. Vi publiserer offentleg journal på einnsyn.no. Seksjonen har åtte tilsette, som jobbar godt saman i eit triveleg og hektisk miljø.
Om stillinga:
Klima- og miljødepartementet søkjer ein dyktig avdelingsdirektør til seksjon for dokumentasjonsforvaltning. Seksjonen har nyleg vorte omorganisert frå HR-seksjonen til ein eigen seksjon, og vi søkjer no ein leiar til denne viktige rolla. Det er venta interne søkjarar til stillinga.
Klima- og miljødepartementet arbeider med å utnytte og vidareutvikle saksbehandlingsverktøy og forenkle arbeidsprosessane. Vi jobbar for større grad av automatisering og best mogleg saksbehandlingssystem for brukarane våre. Standardisering av arbeidsprosessar og einskapleg informasjonsforvaltning i departementa er målet. Vi ser etter ein person som kan stå i spissen for og styrkje KLD og departementfelleskapet på desse områda. Oppgåvene vil ofte vere i skjeringspunktet mellom dokumentasjon og IKT og krev god kompetanse og forståing for begge fagområde. Som leiar er du god på relasjonsbygging, du har gjennomføringsevne og integritet.
Du vil ha fag- og personalansvar og rapportere direkte til ekspedisjonssjef i Organisasjonsavdelinga, og du vil vere ein del av leiargruppa i avdelinga.
Stillinga er eit embete og føreset norsk statsborgarskap. For å kunne bli tilsett i stillinga, må du kunne bli tryggleiksklarert på nivå "Hemmeleg".
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
- fagleg leiing av seksjonen og ha personalansvar, herunder kontinuerleg utvikling og opplæring av medarbeidarar strategisk og operativ utvikling av dokumentasjonsforvaltning
- bidrag til tverrfagleg samarbeid
- rådgiving innan seksjonen sitt ansvarsområde
- generell saksbehandling, koordinering og prosjektarbeid
Vi søkjer deg som har følgande bakgrunn:
- Du har relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå innan arkivvitskap, bibliotek- og informasjonsvitskap eller tilsvarande. Anna utdanning på bachelornivå kombinert med lang og relevant erfaring kan vurderast.
- Vidare har du relevant erfaring som personalleiar og resultatansvarleg, med dokumenterte resultat.
- Erfaring frå statleg arkiv- og dokumentasjonsforvaltning er nødvendig, og du må kjenne godt til lov- og regelverk som regulerer dokumentasjonsforvaltning.
- Du må ha gode IKT-ferdigheiter og evne til å forstå samspelet mellom dokumentasjonsforvaltning, arkiv og teknologi.
- Du har gode skriftlege og munnlege formuleringsevner på norsk og engelsk.
- Du har god samfunnsforståing og politisk innsikt.
- Vidare er det ønskjeleg at du har erfaring frå departement.
For å lukkast i stillinga må du:
- vere ein god leiar for dine medarbeidarar, vere fagleg engasjert, inspirerande og ha høg integritet
- ha gode samarbeidsevner og evne til å handtere press
- ha stor arbeidskapasitet, vere nøyaktig og ha god gjennomføringsevne
- vere fleksibel og serviceinnstilt
- vere initiativrik og bidra positivt i arbeidsmiljøet
- ha gode kommunikasjonseigenskapar og evne til formidling
- vere open for nye løysingar
Kvifor skal du jobbe hos oss?
Hos oss får du store moglegheiter for læring og utvikling. Du vil bidra til samfunnsmålet om eit grønt skifte og få eit unikt høve til å gi faglege råd til politisk leiing. Vi har eit arbeidsfellesskap med dyktige og engasjerte kollegaer som er stolte av jobben sin. Klima- og miljødepartementet gir gode moglegheiter for utvikling, og vi er opptekne av at alle skal ha eit godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr eit breitt spekter av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert 1½ time trening i arbeidstida i veka. Dei moderne lokala våre ligg sentralt i Oslo, med takterrasse, eiga sykkelparkering, og det er kort veg til offentleg transport. Vi heiar på fellesskap og samarbeid på tvers.
Les meir om å jobba i KLD. (https://www.regjeringen.no/no/dep/kld/stillinger/Jobbe-i-Klima--og-miljodepartementet/innsiktsartikler-jobbe-i-kld/mot-vare-medarbeidere/id2005908/)
Vi er opptekne av:
Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet og som tek i bruk potensialet i dei samla kompetansane til befolkninga. Det betyr at vi ønskjer velkommen søkjarar med ulik arbeids- og livserfaring som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Vi har gode moglegheiter for tilrettelegging. Kvalifiserte kandidatar blir oppmoda til å søkje.
Løn:
Årsløn frå kr 1000 000 til kr 1 200 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot i Statens pensjonskasse. Som tilsett hos oss blir du medlem av Statens pensjonskasse (SPK), noko som gir deg ei rekkje fordelar. Medlemskap i SPK sikrar deg ei pensjonsordning og gunstig opptening som gir økonomisk tryggleik både under og etter arbeidslivet. SPK tilbyr også gode forsikringsordningar som sikrar deg og dine næraste. Som medlem har du tilgang til gunstige låneordningar.
Er dette stillinga for deg? Les dette:
- Vi ber om at du lastar opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
- Vi tek vare på personopplysningane dine i samsvar med GDPR.
- Ver merksam på at opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om å vere unnateken frå søkjarlista. Du blir i så fall orientert om dette på førehand.
Om arbeidsgiveren
Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i klima- og miljøpolitikken til regjeringa. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt, Riksantikvaren, Senter mot marin forsøpling og Svalbards miljøvernfond, og har om lag 260 tilsette.
Organisasjonsavdelinga ivaretek stabsfunksjonar for politisk leiing og departementsråd, utviklar og held ved like styringssystem, samordnar økonomi- og verksemdsstyringa til departementet og fastset overordna retningslinjer for ei effektiv og samordna leiing av departementet.
Arbeidsmiljøet i avdelinga vår blir kjenneteikna av høg grad av samarbeid både internt i seksjonen og med andre avdelingar. Vi har ein sterk fagleg integritet og eit godt arbeidsklima.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Kongens gate 20, 0153 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Dokumentasjon, Ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398448189
- Sist endret