
Driftsoperatør
Steinvik Fiskefarm AS
- Frist 13.4.2025
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye Driftsoperatør i Svelgen? Hjelp oss med å løyse morgondagens utfordringar
Om stillinga:
Ser du for deg ei framtid i ei spennande næring i sterk utvikling? Ønskjer du å jobbe i ei pionérbedrift med gründerånd, flat struktur og triveleg arbeidsmiljø? Vil du jobbe på eit unikt og moderne anlegg for produksjon av storsmolt og rensefisk? Har du utdanning eller erfaring frå akvakultur? Då vil vi gjerne ha deg med på laget
Som vår Driftsoperatør vil du:
Arbeide på eit moderne anlegg for produksjon av storsmolt og rensefisk
Bidra i produksjonen av storsmolt og rensefisk av høg kvalitet
Handtere, fôre og sjå etter fisken - sørge for at den har det bra
Overvåke karmiljø
Ha tett dialog med leiinga
Jobbe individuelt og i team med andre driftsoperatørar/ teknikarar
Følgje våre HMS-rutinar og internkontroll
Rapportere og handtere avvik i produksjonen
Gå inn i vaktordning kvar 4. veke og kvar 4. helg
Som person er du:
Handlekraftig og sjølvstendig, men også ein lagspelar
Ryddig og påpasseleg med hygiene (sidan ein jobbar med levande individ)
Ikkje redd for å rapportere avvik eller føreslå forbetringar i produksjonen
Nøyaktig og observant på endringar i åtferda til fisken
Klar for å løyse krevande utfordringar
Bidragsytar til eit godt og sikkert arbeidsmiljø
Flink til å ta ansvar for eiga rolle og oppgåver
Villig til å lære ny kunnskap om fag og fisk
Interessert i å ta i bruk nye verktøy
Omsynsfull overfor medarbeidarar, fisk og miljø
Desse kvalifikasjonane ser vi etter:
Fagbrev eller utdanning innan akvakultur er ein fordel
Erfaring frå akvakultur, men anna relevant praktisk erfaring kan vere aktuelt då vi vil gi intern opplæring
Førarkort (klasse B)
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Vi kan tilby:
Eit triveleg arbeidsmiljø
Varierte arbeidsoppgåver og utfordringar, i team og individuelt
Moglegheit for opplæring, og fagleg og personleg utvikling
Gode velferdsordningar
Moderne utstyr og gode fasilitetar
Arbeidsstad Svelgen (Bremanger kommune)
Bremanger kommune tilbyr fleire gode ved busetting i kommunen. Blant anna sletting av studiegjeld, bustadstilskot og gratis barnehage. Sjå meir info her:
www.bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
Vi har sterk lokal forankring og du må vere villig til å pendle til eller bu nærområdet.
Søknadar til stillinga vil bli vurdert fortløpande.
For meir informasjon om stillinga, kontakt Driftsleiar Kjartan Sverre Wiik,
på mobil: 91731620
Om arbeidsgiveren
Steinvik Fiskefarm er ei familiebedrift som blei grunnlagt i 1986. Selskapet produserar laks og ørret med fokus på kvalitet og lokal verdiskapning.
- Sektor: Privat
- Sted: Strandvegen 22, Svelgen, 6723 Svelgen
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Annet, Biolog, Produksjon
Nøkkelord
Røkting, Landbasert oppdrett, akvakultur, rensefisk, storsmolt
(1/6)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398460017
- Sist endret