Rådgivar offentlege anskaffingar
Bjørnafjorden kommune Økonomiavdelinga
- Frist 03.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Rådgivar offentlege anskaffingar
Bjørnafjorden kommune har ledig fast stilling som rådgivar for offentlege anskaffingar. Vi søkjer etterein strukturert og handlekraftig medarbeidar med evne til å oppnå resultat. Du må kunne ta tak ifaglege utfordringar, ha god evne til samarbeid og må trivast i eit hektisk miljø.
Stillinga skal bidra til å sikre at kommunen gjennomfører sine anskaffingar i samsvar med lov og forskrift om offentlege anskaffingar. Stillinga er organisatorisk plassert i økonomiavdelinga.
Arbeidsoppgåver vil m.a. vere:
- Delta i anskaffingsprosessar, herunder planlegging, gjennomføring og kontraktsutforming
- Vedlikehalde og vidareutvikle rutinar, reglement og andre relevante styringsdokument
- Vedlikehalde og vidareutvikle bruken av digitale verktøy
- Kompetansebygging ut i organisasjonen vedr offentlege anskaffingar
Kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning fortrinnsvis på masternivå innan relevant fagkrins, gjerne rettsvitenskap
- Relevant arbeidserfaring kan ev. kompensere for kompetansekrav.
- Erfaring frå arbeid med regelverket for offentlege anskaffingar og kontrakshandtering er ein fordel. Sertifisering eller annan dokumentert fagleg fordjuping i fagfeltet er ønskeleg.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi vil leggja vekt på søkjaren si samla kompetanse og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr:
- Ein organisasjon i vekst med store utviklingsoppgåver i åra som kjem
- Eit spanande arbeidsområde med høve til å påverka innhaldet i jobben
- Ein utfordrande jobb med høve for personleg utvikling
- Kompetente kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Bransje: Juridiske tjenester, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Innkjøp/forhandling, Jurist, Samfunnsøkonomi
Nøkkelord
anskaffelser, jus, juridisk, rådgiver, offenlige
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398461825
- Sist endret