Styrar - fast 100 %stilling - Bø barnehage
Alver kommune
- Frist 30.3.2025
- Ansettelsesform Fast
Styrar Bø barnehage
For Bø barnehage søkjer vi etter engasjert og dyktig styrar som ønskjer å leie tilsette og barn gjennom ein spennande og læringsrik kvardag. Som styrar vil du ha hovudansvaret for barnehagen sin daglege drift, personalutvikling, pedagogisk arbeid og utvikling av barnehagen. Det vil bli oppretta assisterande styrarressurs i 30 % stilling, som er med i barnehagen sitt leiarteam.
Vi ser etter ein person som er strukturert, fagleg sterk, omsorgsfull og har eit brennande engasjement for barn si utvikling og lærelyst.
Arbeidsoppgåver
Som styrar i Bø barnehage har du ansvar for
- Leie og utvikle barnehagen som ein lærande organisasjon med profesjonelle læringsfellesskap
- Økonomistyring og resultatkontroll
- Forvaltning og kvalitetsutvikling
- Sikre godt samarbeid med foreldre
- Tverrfagleg samarbeid om barn og unge si oppvekst
- Tilretteleggje for eit trygt og godt leike- og læringsmiljø for barn, og eit helsefremjande arbeidsmiljø for tilsette
- Sikre at heile personalet i barnehagen arbeider fram mot barnehagen sine mål
- Å vere ein god rollemodell og rettleiar som kan bidra til å skape eit trygt og engasjerande arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Ønska kvalifikasjonar og krav:
- Barnehagelova sine krav om fagleg, pedagogisk og administrativ kompetanse må vere oppfylt
- Utdanning i barnehageleiing er ønskjeleg
- Erfaring frå leiiing i barnehage, fortrinnsvis som styrar
- God økonomiforståing og evne til å prioritere innafor budsjettrammene
- Du er fagleg sterk og kan vise til gode resultat frå utviklingsarbeid/ endringsarbeid
- Evne til å tenkje heilskapeleg og å jobbe målretta
- God system- og rolleforståing
Personlege eigenskapar
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.Vi søker deg som:
- er omsorgsfull og inkluderande i din leiingsstil.
- er ein lærande og engasjerande leiar med stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- er fleksibel og løysingsorientert, og held opp ditt gode humør og engasjement.
- du jobber strategisk, systematisk og langsiktig med eit heilskapeleg perspektiv på barnehagedrifta
- du er strukturert og har evna til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- ditt faglege engasjement og målretta arbeidsmetode bidreg til eit inkluderande , positivt og raust arbeidsmiljø.
Politiattest
I tråd med barnehagelova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyr
- løn etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- mentorordning for nye styrarar
- ein spanande leiarstilling i ein av kommunen sine største barnehagar
- eit godt profesjonsfellesskap saman med tenesteleiar og styrarane i dei andre kommunale barnehagane, der ein samarbeider, støtter og utfordrar kvarandre
- leiaropplæring
- ein støttande og utviklingsorientert oppvekstsektor
Om arbeidsgiveren
Alver kommune er ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Trygge barn i trygge vennskap, og med tru på seg sjølv og omverda er noko av det viktigaste vi ynskjer at barna skal ta med seg frå åra i våre barnehagar.
Bø barnehage ligg i Bøvågen og held til i eit nytt, stort og flott barnehagebygg. Hordabø skule er barnehagen sin næraste nabo, og barnehagen og skulen har eit tett samarbeid. Elles har barnehagen gangavstand til nærbutikken, næringsområdet, kyrkja, samt fine turområde. Styrar i Bø barnehage rapporterer til tenesteleiar for barnehagar, og har eit tett samarbeid med resten av styrarkollegiet.
Her kan du finne meir om dei kommunale barnehagane i Alver, både om felles satsingar og om den einskilde barnehagen.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Nordbøvegen 67, 5937 Bøvågen
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Barnehagelærer, Ledelse, Styrer
Nøkkelord
styrar, barnehage, ledelse, personalutvikling, pedagogisk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398476337
- Sist endret