Inntil 50% vikariat som faglærar i realfag
Rogaland fylkeskommune
- Frist 06.04.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Inntil 50% vikariat som faglærar i realfag
Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule som pr. i dag har omlag 300 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me individuelt tilrettelegt opplæring i lita gruppe. Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning, og ved behov kan undervisning i Sandeid fengsel vere aktuelt.
Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel.
For meir info: www.olen.vgs.no
Skuleåret 2025/26 er det ledig inntil 50% vikariat som faglærar i realfag.
Arbeidsoppgåver
Den som vert tilsett må ha undervisningskompetanse i matematikk og naturfag. Undervisninga er primært knytt til fellesfag i yrkesfagklassar. I tillegg er aktuelle fag kjemi, fysikk, biologi og geografi.
Stillinga kan kombinerast med anna utlyst, fast stilling (50% realfag).
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning og praksis i aktuelle fag (minimum 60stp i fag for undervisning i vgs)
- Godkjend pedagogisk utdanning
- Godkjend politiattest
Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing. Personar med undervisningserfaring vert føretrekte. Om det ikkje melder seg søkjarar med både relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning kan andre søkjarar bli vurdert.
Personlege eigenskapar
Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig.Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk
- Det må sendast elektronisk søknad
Nærare opplysningar kan fåast ved å vende seg til avdelingsleiar Gjertrud Helland telefon 97766556, ev. mail gjertrud.margit.helland at skole.rogfk.no
Om arbeidsgiveren
Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Litlehagen 2, 5580 Ølen
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
undervisning, realfag, opplæring, faglærer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398487480
- Sist endret