Miljøterapeut 100% fast
Bufetat
- Frist 11.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Miljøterapeut 100% fast
Skjoldvegen barnevernsenter er ein omsorgsinstitusjon i Bergen for barn og unge i alderen 13 - 18 (20) år. Vi tek imot plasseringar etter Lov om barneverntenester §§ 3.1, 3.2 og 5.1. Skjoldvegen barnevernsenter skal gjennom traumebevisst omsorg og Omsorg- og endringsmodellen (OEM) etablera profesjonelle omsorgsrammar som legg til rette for endring og utvikling. Senteret har tre avdelingar; Søfteland, Skjold og Fyllingsdalen med til saman 14 plassar. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar.
Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Søfteland har ledig ei 100 % fast stilling med oppstart 01.06.25. Det er mogleg å begynne tidlegare om det er ønskeleg. Det kan også være moglegheitar for andre vikariat av ulik stillingsstorleik og lengder ved eininga. Stillinga er i to-delt turnus med dag og kveldsvaktar og arbeid kvar 4. helg.
Stillinga som miljøterapeut inneber eit ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med Omsorg- og endringsmodellen, senteret sine retningsliner og faglege rettleiarar. Miljøterapeutane arbeidar både sjølvstendig og i team, og deltar i fagmøter og i rettleiing som vert gitt i høve modellen.
Arbeidsoppgåver
- Skjoldvegen barnevernsenter arbeider etter Omsorgs- og endringsmodellen (OEM), som inneber blant anna traumebevisst omsorg, dialektisk atferdsterapi mv.
- Til einkvar tid halde deg oppdatert på fagmodellar og anna fagleg og juridisk rammeverk.
- Utarbeiding og oppfølging av planar i samarbeid med ungdom.
- Motivera og engasjera ungdomane i endringsarbeid, samt sikre at ungdomane får medverka i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss.
- Samarbeid med familie og nettverk, helseinstansar, kommune, skule og andre viktige instansar.
- Delta i overlapping ved vaktskifte, ha ansvar for praktiske oppgåver og rutiner i institusjonen.
- Kartlegging, rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
- Hovudkontaktansvar
- Ha ekstra ansvarsområder innafor blant anna tryggleik, helse, skule, familie, kartlegging, brannvern, motiverande intervju/samtale med meir.
- Praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vakten.
- Delta i overlapping ved vaktskifte, praktisk rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon knytt til arbeidet.
Kvalifikasjonar
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relvant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast.
- Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne.Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- God fysisk og psykisk helse.Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Krav om førarkort for personbil kl. B.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettar best mogleg.
- Du har gode evnar til å bygge relasjonar
- Du har evnar til å la deg engasjera, og kan engasjera og motivera andre.
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevnar, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du er fleksibel, trivst med utfordringar og tåler hektiske og spanande kvardagar.
- Du ynskjer å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar.
- Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
- Du har evne til å analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.
- Du har evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.
- Du er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk.
- Du har god fysisk og psykisk helse.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Vi tilstrebar ei lik kjønnsfordeling.
- Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, pt. kr 466 600 - 594 500 kr. pr. år
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt kr 524 700 - 624 500 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, pt kr 532 200 - 624 500 pr. år.
- Lønn vurderast i henhold til utdanning og arbeidserfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som innebærer en god tjenestepensjonsordning, mulighet for tilbud om boliglån til konkurransedyktige betingelser, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Informasjon til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjør at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjervi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrer vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kaller vi inn minst én i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utenom å velge ut riktige kandidater bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillingen er lagt til Avdeling Søfteland.
- Politiattest må fremleggast ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikke tas til følge.
Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne sida.
Vitnemål og attestar med bekreftet stillingsstorleik og varigheit skal lastes opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Om arbeidsgiveren
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haugane 15, 5212 Søfteland
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398616439
- Sist endret