Sjukepleiar/vernepleiar, 100 % stilling
Alver kommune
- Frist 08.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar/vernepleiar, 100 % stilling
Kort om stillinga og arbeidsplassen
Vi har no ledig ein fast 100% stilling som vernepleiar eller sjukepleiar.
Turnus vil per no i hovudsak vere dagvakter på ca 7,5 timar med ca ei kveldsvakt i veka og arbeid 3. kvar helg. Samtidig er me open for innspel på turnus og kan til dømes vurdera langvakter og 4.kvar helg til neste årsturnus. Vi er open for endring og ynskjer dialog kring dette!
Bjørkhaugen Bufellesskap ligg sentralt i Knarvik, og er bustaden til 6 personar med utviklingshemming. Vårt mål er å gje tilpassa tenester for at kvar og ein skal oppleve meistring og sjølvråderett, samt å få riktig hjelp og støtte for å leve eit godt liv. For å oppnå dette treng me ein vernepleiar/sjukepleiar med engasjement og pågangsmot.
Arbeidsoppgåver
- Fagutvikling og kvalitetssikring av tenestene, inkludert igangsetting, oppfølging og evaluering av tiltak
- Tett somatisk og medisinsk oppfølging
- Samarbeid med legar og spesialisthelsetenesta
- Primærkontaktoppgåver
- Rettleiing og opplæring av kollegaer og studentar
- Yte tenester i form av hjelp og rettleiing til bebuarane, etter vedtak
- Dokumentere og rapportere i tråd med gjeldande rutinar
- Pårørandesamarbeid
Kvalifikasjonskrav
- Offentleg godkjent vernepleiar eller sjukepleiar
- Førarkort kl. B
- God norskkunskap, både munnleg og skrifteleg
- Gode evner i bruk av dataverktøy
- God evne til å bygge og vedlikehalde relasjonar både til bebuarar, pårørande og kollegaer
Vi ser etter deg som
- har evne til å sette deg inn i bebuar sin situasjon, og taklar deira utfordringar med tryggleik og respekt i sårbare situasjonar
- har somatisk erfaring og fagleg engasjement
- har naturleg evne til å sjå kvar bebuar sine ressursar og behov
- har god fysisk og psykisk helse
- har god arbeidskapasitet, er løysingsorientert og har evne til å prioritera
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyr
- Vernepleiarar ligg 9000 over tariff og sjukepleiarar ligg 10 000 over tariff i Alver kommune
- Ein meiningsfull jobb der din kompetanse gjer ein forskjell for andre
- Godt arbeidsmiljø med godt samarbeidsklima og faglig fokus
- Lønn og tilsetjingsvilkår etter lov - og avtaleverk
- Oppfølging og rettleiing
- Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- God pensjonsordning i KLP
Vi er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Om arbeidsgiveren
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398633482
- Sist endret