
Vernepleiar, sjukepleiar, miljøterapeut, fagarbeidar
Time kommune
- Frist 06.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Vernepleiar, sjukepleiar, miljøterapeut, fagarbeidar
Er du på jakt etter ein jobb der du kan kombinera det å spreia humor, galskap og glede med utdanninga di innan helse og omsorg?
I miljøtenesta i Time kommune arbeidar me aktivt for å gje brukarane best mogleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag for den enkelte. Me har fokus på sjølvbestemming og sosialt fellesskap i samarbeid med pårørande, og kjenner stolthet ved å gje gode tenester og bidra til trivsel på jobb. Å gjera kvarandre gode er leveregelen for oss.
Positiv atferdsstøtte (PAS) er verdi- og rammeverk for tenesteytinga. Er du ikkje kjent med kva PAS inneber? Fortvil ikkje! Me har gode kurshaldarar internt i miljøtenesta.
Foren burettslag:
Er du ein voksen fagperson med erfaring frå og interesse for å arbeida med personar som har utfordrande atferd? Da treng me kompetansen din! Me har ledig 3x 100% stillingar som skal inngå i et team som jobber saman for å gje beboerane ein meiningsfull og innhaldsrik kvardag på deres premisser. Stillingane har i hovedsak lange vakter på 12,5 timar med arbeid kvar 4. helg. Teamet har tett samarbeid med spesialisthelsetenesta, Det vil verta lagt vekt på at du er eigna for stillingane.
Me har også ledig stilling som nattevakt 69% stilling for fagarbeidar og helgestilling natt.
Vardheia omsorgsbolig
I Vardheia omsorgsbolig på Bryne søker vi etter ein sykepleiar/vernepleiar eller fagarbeidar som ønsker å være ein del av det nye laget vi er i ferd med å etablera. Det er ein 60 % stilling på natt med arbeid kvar 4. helg og ein 100 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar dag/kveld med arbeid kvar 4. helg. Du vil jobba ilag med ein annen nattevakt.
I tillegg til denne stillinga er me på jakt etter deg som ønsker deg ei helgestilling på natt, også desse med arbeid kvar 4 helg.
Me har også behov for deg som ønsker deg helgestilling. Arbeid kvar 3. eller hver 4. helg. Stillingane har variert arbeidstid mellom 7,5 t og vaktar opp mot 12,5 t. Det er også gode muligheitar for ekstravakter utanom.
Spesifiser i søknaden hvilken stilling du er interessert i, og om du ønsker å arbeide i Vardheia bufellesskap på Bryne, eller i Foren på Kverneland. Studentar oppfordres til å søka på helgestilling hos oss.
Tiltredelse: Snarast. Ikkje vent med å søka, intervju vil skje fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- målretta miljøarbeid i møte med den enkelte bebuar
- bidra til å sikre forsvarlede pleie- og omsorgstenester
- ansvarsvakt
- primær-/sekundæransvar
- sikre eit godt samarbeid med fastlegar, spesialisthelsetenesta og andre samarbeidspartnare
- ansvar for legemiddelhåndtering
- oppfølging av HOTL kapittel 9 vedtak
- rettleiing av kollegaer og studentar
- fagleg kompetanseheving og utvikling
- praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
- følge bebuar på faste aktivitetar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar/anna høgskoleutdanning innan helse- og sosialfag, fagbrev helsefagarbeidar,
- erfaring frå miljøarbeid og utfordrande atferd
- dersom du har anna morsmål enn norsk må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B2
- gyldig politiattest
- førarkort klasse B
- det blir lagt stor vekt på om du er egna for stillinga
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 6
- Sted: Gamle Åslandsvegen 25, 4355 Kvernaland
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398644490
- Sist endret