Norsklærar
Vestland fylkeskommune
- Frist 28.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Norsklærar
Skulen ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gjev svært gode føresetnader for ulike aktivitetar, men er òg grunnlaget for verdsleiande industri. Hardanger og fruktdyrking er eit kjent omgrep, og aktivitetsturisme er blitt eit stort satsingsområde. Gjennom året vert det arrangert større og mindre kulturarrangement i kommunen, t.d. Hardanger musikkfest, Litteratursymposiet, Blueshelga, Sus & Dus, Morellfestivalen og Siderfestivalen.
Odda vidaregåande skule er ein skule med omlag 200 elevar og 50 tilsette, som er fordelt på studieførebuande program og yrkesfagleg program. Vi har eigen avdeling for tilrettelagt opplæring, samt landsline i smedfaget.
Skulen har ledig stilling som lærar i norskfaget frå 1. august 2025. Det er ynskjeleg at søkjarar har undervisningskompetanse òg i andre fellesfag.
Arbeidsoppgåver
Planlegge og gjennomføre opplæring i tråd med læreplanen sine mål.Følgje opp den einskilde elev si faglege utvikling.
Delta i tverrfaglege team og pedagogisk utviklingsarbeid
Tilretteleggje og samarbeide om eit godt og effektivt læringsmiljø.
Kvalifikasjonar
Godkjent pedagogisk utdanning, gjerne master i norskGodkjent utdanning i undervisningsfag
Evne til god klasseleiing
Evne til å nytte varierte-, praktiske-, digitale- og tilpassa opplæringsmetodar.
Godkjent politiattest.
Personleg eigna for stillinga.
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner.Gode relasjonelle ferdigheiter.
Gode kommunikative ferdigheter
Røynsle i pedagogisk bruk av IKT
Vi tilbyr
Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeidGode forsikrings- og pensjonsordningar
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Eidesmoen 74, 5750 Odda
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398713027
- Sist endret