
Bioingeniør/ Avdelingsingeniør
Helse Bergen HF
- Frist 04.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Bioingeniør/Avdelingsingeniør
Kreftgenomikk er ein avdeling i Laboratorieklinikken med ansvar for avansert molekylær kreftdiagnostikk og består av to seksjonar; Blodgenomikk og Tumorgenomikk. Avdelinga nyttar ulike molekylære analysemetodar på kromosom, DNA og RNA nivå for å undersøke endringar i genomet som er viktige for diagnostikk og behandling. Laboratoriet er akkreditert ihht ISO 15189 standarden. Helse Bergen HF er eit infrastruktur for presisjonsdiagnostikk (InPreD) nivå 1 sjukehus hvor Kreftgenomikk har ei sentral rolle i utprøving, utvikling og innføring av nødvendige laboratorieanalysar for presisjonsmedisin.
Avdelinga er ein av åtte einingar i Laboratorieklinikken som rapporterer direkte til klinikkdirektør. Kreftgenomikk samarbeider med Avdeling for patologi, Avdeling for medisinsk genetikk, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft, Seksjon for bioinformatikk og Biobank Haukeland. Dei tilsette har ulik yrkesfagleg bakgrunn med høg fagleg kompetanse (helsesekretær, bioingeniørar, molekylærbiologar og legar).
Vi har ledig to 100% faste stillingar. Ein stilling ved Blodgenomikk som utfører genetisk diagnostikk av blodsjukdommar og ein ved Tumorgenomikk som utfører genetisk diagnostikk av solide svulstar. Blodprøvetaking kan inngå i stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga vil hovudsakleg ha arbeidsoppgåver og ansvar knytta til dagleg analytisk drift. Dette kan omfatte prøvehandtering av fiksert formalinnstøypt materiale (FFPE), cytologisk materiale og ferskt materiale, nukleinsyre ekstraksjon, celledyrking, kromosomanalyse, FISH, kvantitativ PCR, sanger-sekvensering, fragment-analyse, smeltekurvsanalyse, genuttryksanalysar, neste generasjons sekvensering og dagleg vedlikehald av instrumenta
- Oppgåver som innber ansvar for instrumentdrift, analytisk kvalitetskontroll og deltakelse i metodearbeid kan inngå
- Ein må halde seg fagleg oppdatert innan avdelinga sitt fagspesifikke område
- Bidra i laboratoriets rutinar for blodprøvetaking
Kvalifikasjonar
- Søkar må ha godkjend norsk autorisasjon som bioingeniør eller minimum bachelor i molekylærbiolog/biokjemi/bioteknologi/genteknologi, samt relevant arbeidserfaring
- Det er ønskeleg med erfaring frå genetisk arbeid og molekylærbiologiske teknikkar
- Det vil og vere ein fordel å ha kjennskap til avdelingas analysemetodar, samt programvare som nyttast ved avdelinga
- Søkar må meistre norsk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Stillinga føreset evne til sjølvstendig og nøyaktig arbeid og det vil bli lagt vekk på personlege eigenskapar, samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Søkar må trivast i eit tverrfagleg og aktivt miljø under oppbygging
- Søkar må ha god gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Høgt fagleg nivå
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Jonas lies vei 21, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Bioingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Bioingeniør, Avdelingsingeniør, laboratorieklinikken, kreftgenomikk, laboratorie
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398714998
- Sist endret