
Sommarjobb innan renhald i Stavanger
Forsvarsbygg
- Frist 10.04.2025
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarjobb innen renhald i Stavanger
Forsvarsbygg i Stavanger søker sommarvikarar til reinhald på våre lokasjonar i Stavanger-området.
Vi søker 2 sommarvikarar i vekene 25 - 33. Eventuelt kan perioden delast opp i mellom fleire.
Oppgi i søknaden beskjed kva periode du er interessert i å jobbe.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar i 100 % stilling i 3-5 veker innanfor den oppgitte perioden (veke 25-33).. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Utføre regelmessig og periodisk reinhald, samt rengjeringsrelaterte oppgåver innanfor eigen fagområde
- Ivareta oppgåver knytt til renholdstenesta
Kven ser vi etter?
Du har ein ryddig og strukturert tilnærming til arbeidsoppgåvene. Me skal levere gode renholdstenester, noko som stiller krav til at du er opptatt av å levere god kvalitet og samarbeider godt med andre. Dersom du òg har gode kommunikasjonsevner, er fleksibel og serviceinnstilt, kan dette vere rett stilling for deg.Kvalifikasjonar
- Søkarar må vere over 16 år
- God orden og oppførsel
- Du må kunne autoriserast føre oppstart
- Du må meistre norsk skriftleg og munnleg godt
- Det er ønskeleg med erfaring innan reinhald
- Det er ønskeleg at nokre av kandidatane har førarkort klasse B
- Det er ønskeleg med tryggleiksklarering for Hemmeleg/ NATO Secret
Vi tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar eller renholdsbetjent (kode 1138/1129), kr. 282 700,- - 404 900,- i brutto årleg lønn.Om arbeidsgiveren
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: 4044 Hafrsfjord
- Bransje: Bygg og anlegg, Forsvar og militær, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ferievikar, feriejobb, sommervikar, rengjøring, renhold
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398722271
- Sist endret