
Seniorrådgivar klimatilpassing
Miljødirektoratet
- Frist 1.4.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du bidra til omstilling av samfunnet til eit klima i endring?
Er du interessert i å jobbe med korleis Noreg kan førebu seg til eit klima i endring, ei av dei største utfordringane samfunnet står i? Er du kunnskaps- og utviklingsorientert og ønskjer å jobbe med komplekse og samansette saker kor ein evnar å sjå løysingar på tvers av fagområde? Da er du kanskje den vi ser etter!
Hos oss får du moglegheit til å vere ein bidragsytar i utviklinga av klimaarbeidet på fagfeltet klimatilpassing og i arbeidet med å utvikle Noregs første nasjonale klimasårbarheitsanalyse. Analysen skal gje oppdatert kunnskap om konsekvensar for heile samfunnet som følgje av at klima endrar seg. I arbeidet vil du vere ein del av ein gruppe i Miljødirektoratet som alle jobbar med klimatilpassing, og du kan rekne med å skulle samarbeide tett med andre direktorat, forskarar og andre aktørar.
Stillinga er midlertidig og plassert i seksjon for arealplan og klimatilpassing. Seksjonen jobbar med ivaretaking av klima- og miljøomsyn i arealplanlegging, og med klimatilpassing retta mot nasjonale myndigheiter og kommunal og regional forvalting. Seksjonen har i dag 17 medarbeidarar. I arbeidet med klimatilpassing rådgjer og støttar vi Klima- og miljødepartementet med å leggje til rette for regjeringa sitt heilskaplege arbeid med klimatilpassing, følgjer opp stortingsmeldinga på klimatilpassing og vi har ansvaret for koordinering av klimatilpassing på statleg nivå.
Seksjonen har medarbeidarar både på Brattøra i Trondheim og på Helsfyr i Oslo. Geografisk plassering av denne stillinga er på Helsfyr i Oslo.
Stillinga sine hovudansvarsområde
bidra i prosjektet med å utvikle ei nasjonal klimasårbarheitsanalyse
oppfølging av andre forventningar frå regjeringa i den nye stortingsmeldinga om klimatilpassing
delta i ulike utgreiingsoppgåver
rådgjeving og støtte til Klima- og miljødepartementet (KLD)
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar
Du har:
fullført utdanning på minimum mastergradsnivå eller meir innafor samfunnsvitskap, naturvitskap eller andre relevante fagområde
erfaring frå arbeid med klimasårbarhetsanalysar
kunnskap om klimaendringar og klimatilpassing, og gjerne samfunnsomstilling og klimarisiko
erfaring med utgreiingsarbeid, evalueringsarbeid og arbeid i eller mot offentleg forvalting
du skriv og kommuniserer svært godt på norsk og nynorsk
Eigenskapar
du har god samfunns- og forvaltningsforståing
du er analytisk og har god evne til å vurdere heilskap og samanhengar på tvers av tema og fagområde
du har interesse for klima, politiske prosessar på klimaområdet og samfunnsutvikling
du trivast med å jobba i team, men er og sjølvstendig og systematisk
du er utåtvend og god til å samarbeide med andre for å få jobben gjort
Vi tilbyr
midlertidig stilling med antatt varigheit til 31.12.2026
lønn som seniorrådgivar med lønn frå kr 640 000 - kr 830 000 etter erfaring og kvalifikasjonar (særskild kvalifisert søkjar kan vurderast høgare)
utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
gode høve for fagleg og personleg utvikling
eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar inkludert trening i arbeidstida
fleksible arbeidstidsordningar, og pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er fagdirektør Bjørn Bjørnstad, telefon 99 44 03 35. Epost bjorn.bjornstad@miljodir.no.
Oppgi referansenummer 41-2025 LAK når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0). Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/) vår.
Om arbeidsgiveren
Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing.For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet, og har om lag 730 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO) som er lokalisert 56 stader i landet.
Se alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Grensesvingen 7, 0661 Oslo
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Analyse, Rådgivning, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
klimatilpassing, klimasårbarhetsanalyse, utgreiingsarbeid, evalueringsarbeid, offentlig forvaltning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398775566
- Sist endret