Rådgjevar/overingeniør eller seniorrådgjevar/senioringeniør - forureining
Statsforvaltaren i Vestland
- Frist 22.4.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du arbeide med forureiningssaker i Vestland?
Statsforvaltaren i Vestland har ledig eit vikariat og eit engasjement som sakshandsamar for arbeid med regulering av miljøpåverknader frå ulike typar næringsaktivitet. Begge stillingane har varigheit på eitt år. Stillingane er plasserte i forureiningsseksjonen i miljøavdelinga, med kontorstad i Bergen eller på Leikanger.
Hos oss får du faglege utfordringar og høve til utvikling i eit kompetent og tverrfagleg miljø. Du får og bli kjent med ulike næringsaktørar, konsulentselskap, andre statlege etatar og kommunal forvaltning som du har dialog med og rettleiar innanfor dine saksområde.
Vi skal medverke til at miljø- og arealpolitikken til regjeringa blir gjennomført på regionalt og lokalt nivå. Vi er forureiningsstyresmakt for ulike avfalls- og industribransjar, der vi gjennomfører sakshandsaming og tilsyn etter forureiningslova.
Statsforvaltaren har seks avdelingar med ei brei oppgåveportefølje, og du vil få ein variert og spennande jobbkvardag hjå oss. Miljøavdelinga vert leia frå Bergen og har 42 tilsette i to seksjonar; naturmangfald og forureining, med kontorstader på Leikanger og i Bergen.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver for vikariatet innan industri
Handsame søknader om utslepp frå industri
Oppgåver knytt til aktivitetar som mudre, dumpe og utfyllingssaker og mellombels anleggsaktivitet
Bidra i oppfølginga av Renere Havn-prosjekta i regi av Miljødirektoratet
Gjennomføre tilsyn etter forureiningsregelverket
Handsame klager på kommunale vedtak og forureining
Ha kontakt med andre sektorstyresmakter, direktorat og organisasjonar
Rettleiing om miljøregelverket til offentlege og private aktørar
Arbeidsoppgåver for engasjementet innan akvakultur
Miljøoppfølging av akvakulturbransjen
Handsame søknader om utslepp frå akvakultur regulert av forureiningslova
Gjennomføre tilsyn etter forureiningsregelverket
Handsame klager på vedtak og forureining
Varetaking av akvakultur i plansaker
Ha kontakt med andre sektorstyresmakter, direktorat og organisasjonar
Rettleiing om miljøregelverket til offentlege og private aktørar
Vi har eit breitt arbeidsfelt og jobbar med mange spennande fagområde. Tilsyn og sakshandsaming gjeld alle typar utslepp og aktivitetar regulert av forureiningslova. Andre oppgåver innan miljøforvaltning kan og bli aktuelle. Det må påreknast noko reiseverksemd rundt i fylket.
Kvalifikasjonar
Relevant høgare teknisk eller naturfagleg utdanning innan toksikologi, forureiningsbiologi, marinbiologi, naturforvalting eller akvakultur eller tilsvarande.
God kunnskap om miljøpåverknader ved utslepp til det ytre miljøet
Det vil vere ein fordel med relevant erfaring frå offentleg miljøforvaltning
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Strukturert, sjølvstendig og pliktoppfyllande
Initiativrik og har gode samarbeidsevner
Fleksibel og positivt innstilt til å arbeide med ulike oppgåver innan miljø- og naturforvalting
Har godt humør og bidrar positivt til arbeidsmiljøet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (nynorsk)
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
interessante arbeidsoppgåver
eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
ein arbeidsplass i utvikling
medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
trening i arbeidstida
delvis heimekontor
fleksibel arbeidstid
løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv (https://www.regjeringen.no/no/tema/arbeidsliv/arbeidsmiljo-og-sikkerhet/inkluderende_arbeidsliv/id947/).
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1087 overingeniør frå kr 570 000-680 000 og 1364 seniorrådgjevar/1181 senioringeniør frå kr 600 000-730 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok (https://lovdata.no/dokument/SPH/sph-2024/KAPITTEL_2-1-8).
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Saksbehandler
Nøkkelord
Statsforvalteren, saksbehandler, tilsyn, rådgivning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398825421
- Sist endret