
Administrasjonssjef
Universitetet i Bergen
- Frist 13.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Administrasjonssjef ved Institutt for informatikk
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Administrasjonssjef
Er du klar for ei utfordrande og spennande leiarrolle ved UiB? Ved Institutt for informatikk (https://www.uib.no/ii) har vi ledig stilling som administrasjonssjef.
Om instituttet
Institutt for informatikk er eitt av sju institutt ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi. Fakultetet bidrar til ny og grunnleggjande vitskapleg innsikt og til ei god framtid for menneske, miljø og samfunn. Fakultetet sin strategi inkluderer IKT og berekning som gjennomgåande tema.
Hovudoppgåver ved instituttet er utdanning og forsking innan informatikk. Instituttet driv fleire studieprogram på bachelor- og masternivå og har totalt kring 1000 studentar. I tillegg kjem ein portefølje innan etter- og vidareutdanning. Instituttet har leiande forskingsgruppar innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programutviklingsteori og sikker kommunikasjon. Tilknytte senter og laboratorium inkluderer Center for Data Science (CEDAS), Computational Biology Unit (CBU), Energy Informatics Lab og Mohn Medical Imaging and Visualization center (MMIV).
Instituttet har for tida 36 førsteamanuenser/professorar, 24 tekniske og administrative stillingar og totalt 143 tilsette (123 årsverk). Institutt for informatikk disponerer vel 96 millionar over universitetets grunnbudsjett i 2025, i tillegg er det ei ekstern portefølje på om lag 60 millionar kroner.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:
Som administrasjonssjef vil du ha eit breitt ansvarsområde og med eit særskilt ansvar for den administrative leiinga av instituttet. Du inngår i instituttet si leiargruppe og rapporterer til instituttleiar.
Dine viktigaste arbeidsoppgåver vil vere å:
- leie administrasjonen og ha personalansvar for dei teknisk/administrativt tilsette.
- utvikle dei administrative tenestene og implementere og fylgje opp prosedyrar og rutinar i samsvar med retningsliner og reglar som gjeld ved universitetet,
- saman med instituttleiar ha ansvar for økonomistyring, ressursdisponering og arealforvaltning,
- ha oversikt over personalressursar og rekrutteringsbehov ved instituttet,
- gje støtte og råd til instituttleiar i administrative og organisatoriske spørsmål,
- saman med instituttleiar ivareta arbeidsgjevaransvaret,
- koordinere HR- og økonomitenester, prosjektoppfølging og anna arbeid knytt til den eksternt finansierte forskingsaktiviteten ved instituttet,
- saman med instituttleiar vidareutvikle det gode arbeidsmiljøet ved instituttet og ha tilsyn med og følgje opp HMS-ansvaret.
Du må vere budd på at det kan skje endringar i ansvars - og arbeidsoppgåver over tid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- gode leiarkvaliteter og interesse for leiing, relevant erfaring og gode resultat frå tidlegare stillingar,
- utdanning på masternivå eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd gjennom lang, relevant praksis og/eller etter- og vidareutdanning,
- forståing og interesse for offentleg sektor og universitetet sitt samfunnsoppdrag,
- god forståing for økonomistyring,
- erfaring frå administrasjon og tyngre utgreiingsoppgåver,
- gode kunnskapar i norsk og engelsk,
- god administrativ IT-kompetanse, samt evne og vilje til å bruke nye digitale verktøy og arbeidsmetodikk,
- det vil vere ein fordel med erfaring frå personalleiing.
Personlege eigenskapar
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av kandidatane. Vi ønskjer ein administrasjonssjef som:
- har ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av gode evner til samarbeid og dialog,
- tar initiativ, stimulerer til endring og skapar engasjement,
- har god strategisk vurderingsevne og evner å tenke heilskapleg,
- evne til å leie og arbeide målretta, med god framdrift og gode resultat,
- er løysingsorientert og analytisk,
- finn løysingar og arbeider effektivt, strukturert og kvalitetsbevisst.
Vitnemål og attestar skal lastast opp i Jobbnorge saman med søknaden.
Vi tilbyr:
- utfordrande og utviklande arbeids- og leiaroppgåver i eit aktivt og fagleg godt internasjonalt arbeidsmiljø,
- samarbeid med dyktige kollegaer,
- deltaking i leiarnettverk ved fakultetet og UiB,
- stilling som administrasjonssjef (kode 1058) og brutto årsløn frå kr. 780 000 - 880 000. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare lønn,
- fleksibel arbeidstid,
- medlemskap i Statens pensjonskasse,
- gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga får du hos:
instituttleiar Inge Jonassen ved Institutt for informatikk; inge.jonassen@uib.no, 55584713 eller fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, Elisabeth-lysebo@uib.no, 5558 8198.
For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med Anna Folgerø, anna.folgero@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegge kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kunnskap om og resultata frå aktivt likestillings- og mangfaldsarbeid tilleggas vekt ved rekruttering av leiarar. Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Nærare opplysningar om Institutt for informatikk kan ein finne på instituttet si heimeside (https://www.uib.no/ii).
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Lederkategori: Leder
- Sted: Høyteknologisenteret, Thormøhlens gate 55, 5006 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398866061
- Sist endret