Vernepleiar
Austevoll kommune
- Frist 06.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Vi søker dyktig vernepleiar med døgnvakter i Gullsmedvegen bu og avlasting
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ein sektor med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne sektoren inngår pleie- og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Gullsmedvegen bu og avlasting blei opna i januar 2024 i nyoppussa lokaler. Eininga består av tre omsorgsbustader og avlasting med tre sengeplasser til barn og unge. Vi gir praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til vaksne personar med nedsett funksjonsevne i omsorgsbustad, samt rullerande avlasting til barn og unge i eigne lokaler.
Gullsmedvegen bu og avlasting er ei avdeling innunder Miljøarbeidartenesta.
Om stillinga
Gullsmedvegen bu og avlasting er ei eining der vi søker etter kollegaer med fullført bachelor i vernepleie.
Vi søker deg som ønsker å vere med å bygge opp ei god teneste der både tenestemottakarar og tilsette opplever meistring og utvikling. Vi treng trygge, aktive og omsorgsfulle miljøterapeuter til arbeid i døgnturnus.
Som miljøterapeut vil du blant anna ha oppgåver knytt til primærkontaktansvar, aktiv oppfølging av tenestemottakar i daglege aktivitetar, samarbeid med pårørande og andre aktuelle partar, planarbeid og rettleiing. Du vil arbeide både i avdelinga for avlasting til barn og unge og i teneste til vaksne med nedsett funksjonsevne i omsorgsbustadar som ligg i same område. Du vil arbeide tett med teamleiar og andre tilsette for å bygge opp tenestene, fagsystem og kultur.
Vi tilbyr turnus med døgnvakter og arbeid 4. kvar helg. Vi har årsturnus.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak og aktiviteter tilpassa den enkelte sitt behov
- Målretta miljøarbeid og burettleiing
- Legemiddelhandtering
- Inneha rolle som barnekoordinator eller koordinator i individuell plan
- Legge til rette for at tenestemottakarane får tenester med fagleg forsvarleg innhald etter vedtak
- Vere aktiv og framoverlent i fagleg utvikling
- Ansvar for å utarbeide og halde vedlike tiltaksplaner og dokumentasjon i fagsystemet
- Koordinere tenester saman med tenestemottakarar og bidra til godt samarbeid med tenestemottakarar, pårørende, spesialisthelsetjenesten og andre aktuelle instanser
- Rettleiing
- Vi søker ein engasjert medarbeider som vil vere med å videreutvikle tenester og tilbod
- Medvirke til eit ope og positivt arbeidsmiljø, ha stå på vilje og godt humør
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav
- Du må vise gyldig politiattest ved tilsetting
- Førarkort klasse B
- God skriftleg og munnleg formidlingsevne
- Gode datakunnskapar, kjennskap til Visma profil pasientjournalsystem er ønskeleg
- Ønskeleg med erfaring frå brukargruppa
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk
Utdanning
- Fullført bachelor i vernepleie
- Sekundær fullført bachelor i sjukepleie
Personlege eigenskapar
- Grunnleggande respekt for menneske og engasjement for tenester til personar med nedsett funksjonsevne
- Stå roleg i krevjande situasjoner
- Evne til å jobbe både i team og sjølvstendig
- Ha stå på vilje og like utfordringar
- Open, lojal og påliteleg
- Omsorgsfull, trygg og stabil
- Tilpasningsdyktig
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Løysningsorientert, strukturert og tydeleg
- Medvirke til eit ope og positivt arbeidsmiljø der etisk refleksjon og fagutvikling står sterkt
- God gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- Tillegg for turnusarbeidarar
- Årstunus med moglegheit for å påverke eiga arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Nye og moderne lokaler med fasiliteter som er planlagt for døgnturnus
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Gullsmedvegen bu og avlasting ligg tett på sentrum i Bekkjarvik. Det er enkel tilkomst med hurtigbåt fra Bergen eller Sunnhordaland med fleire daglege avganger. Med bil tek det cirka 30 minutt frå sambandet Hufthammar-Krokeide og 15 minutt frå Husavik-Sandvikvåg.
Lokala våre ligg fint plassert med utsikt til sjø og Bekkjarvik sentrum. Det er kort avstand til kjøpesenter, tilrettelagte turområder og leikeplassar.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Gullsmedvegen 55, 5397 Bekkjarvik
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398895542
- Sist endret