100% årsvikariat 2025/26, faglærar programfag Teknologi og industrifag (TIF)
Rogaland fylkeskommune
- Frist 13.04.2025
- Ansettelsesform Vikariat
100% årsvikariat 2025/26, faglærar programfag Teknologi og industrifag (TIF)
Ølen vidaregåande skule er ein kombinert skule som pr. i dag har ca 300 elevar og om lag 70 tilsette. Skulen tilbyr studiespesialisering, påbygg, idrettsfag, elektro og datateknologi, teknologi og industrifag, bygg og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag. I tillegg har me spesialundervisning i lita gruppe. Skulen er ein av fire i Rogaland som driv fengselsundervisning.
Ølen vgs er MOT-skule, og er kjenneteikna av godt læringsmiljø, gode faglege resultat og høg trivsel.
For meir info: www.olen.vgs.no
Frå hausten har me ledig 100% årsvikariat, som faglærar på programfag Teknologi og industrifag.
Arbeidsoppgåver
100% årsvikariat faglærarstilling i programfag på teknologi og industrifag, fordelt med undervisning både i Sandeid fengsel og på skulen i Ølen.
Generelt ynskjer me medarbeidarar med undervisningskompetanse i fleire fag.
Tilbod om utdanning er ein viktig del av rehabiliteringsarbeidet i fengsla våre. I Sandeid fengsel er det 88 soningsplassar, og mange av dei innsette er tilknytt skulen. Opptak skjer fortløpande, og utdanningsløpa vert tilpassa den enkelte. Det krev fleksibilitet frå lærarane si side, ein må tilpasse opplæringa til dei elevane ein til ei kvar tid har, og ein må handtere raske endringar i elevmasse og oppgåver.
Kvalifikasjonar
Krav til stillinga:
- Relevant fagbrev innan mekaniske fag
- Kompetanse innan særlege emne som er aktuelle for kursverksemd i Sandeid fengsel
- Godkjend pedagogisk utdanning
- Godkjend politiattest (ordinær- og utvida attest for undervisning i fengsel)
Ynskja kvalifikasjonar:
- Erfaring som industrimekanikar eller innan plate/sveis
- Undervisningserfaring
Om det ikkje melder seg søkjarar med både relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning kan andre søkjarar bli vurdert.
Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing. Personar med undervisningserfaring vert føretrekte. Fleksibilitet og gode samarbeidsevner er naudsynt.
Personlege eigenskapar
Me ynskjer oss medarbeidarar som er positive, engasjerte, fleksible, involverande og tydelege. I tillegg er samarbeidsevne og -vilje nødvendig.For stillinga gjeld
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lønn og arbeidsvilkår fastsett i gjeldande avtaleverk
- Det må sendast elektronisk søknad
Nærare opplysningar kan fåast ved å vende seg til avdelingsleiar Olav Hogne Espe tlf. 994 13 396 , ev. pr. mail: olav.hogne.espe at skole.rogfk.no
Om arbeidsgiveren
Vil du være med å bygge et bedre Rogaland sammen med flinke og engasjerte kollegaer?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Litlehagen 2, 5580 Ølen
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
yrkesfag, faglærer, TIF, undervisning, fengselsundervisning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398900904
- Sist endret