
Rådgiver/seniorrådgiver
Miljødirektoratet
- Frist 11.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å styrke arbeidet med tiltaksgjennomføring i vassforvaltninga?
Om stillinga
Er du oppteken av godt vassmiljø og vil jobbe med heilskapleg forvaltning av elver, innsjøar og kystvatn? Har du erfaring frå nasjonal, regional eller lokal forvalting og/eller frå ein sektor som har juridiske eller økonomiske verkemiddel som er relevante for vatn? Er du god på samarbeid gjennom regionalt planarbeid eller andre prosessar i forvaltninga? Vi er ute etter ein rådgivar/seniorrådgivar som kan bidra til arbeidet vårt med sektorsamarbeid og miljøtiltak i vassforvaltningsarbeidet.
Du vil ha omfattande konktakt med både norsk og nordisk forvaltning og andre aktørar gjennom arbeidet med regionale vassforvaltningsplanar og tiltaksprogram. Samarbeid med fleire sektorstyresmakter, koordinering og strategisk arbeid knytta til verkemiddelbruk og tiltak er ein viktig del av stillinga.Vidare er kurs, foredrag og rettleiing oppgåver du vil få. Seksjonen har også andre spennande oppgåver du vil bli involvert i.
Stillinga er fast og har kontorstad i Trondheim eller Oslo. Skriv i søknaden kva for by du ønskjer å jobbe i.
Seksjonen har ansvaret for å koordinere arbeidet som følgjer av vassforskrifta. Dette inneber ei samordning av styresmakter på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå, EØS-arbeid og nordisk samarbeid. Vi er også med i den felles europeiske strategien for gjennomføring av vassdirektivet. Vi jobbar med restaurering av vassdrag, har det overordna nasjonale ansvaret for kalking av vassdrag og kartlegging av sårbar og trua ferskvassnatur. VVA har ansvaret for Vannmiljø og Vann-Nett. Seksjonen koordinerer og arbeidet med Heilskapleg plan for Oslofjorden og har ansvaret for jordbruksforureining og koordinerer arbeidet med jordbruk i direktoratet. Vasseksjonen består av eit breitt fagleg team som jobbar saman for å forbetre vassmiljøet.
Vasseksjonen er ein av seks seksjonar i avdeling for vatn og kunnskap i Miljødirektoratet. Seksjonen har 17 engasjerte og dyktige medarbeidarar med kontorstad både i Trondheim og Oslo. I løpet av våren 2025 kjem det tre personar til - kanskje ein av dei er deg?
Stillinga sine hovudansvarsområde
- styrking av arbeidet med regionale tiltaksprogram, irekna rettleiing og harmonisering av det regionale og lokale arbeidet
- sektorsamarbeid og koordinering, strategisk arbeid knytt til verkemiddelbruk og tiltak
- stillinga inneber omfattande kontakt med både norsk og nordisk forvaltning og andre aktørar gjennom arbeidet med regionale vassforvaltningsplanar og tiltaksprogram
- delta i andre oppgåver i fagområda til seksjonen
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar
- relevant utdanning på mastergradsnivå, miljøfagleg eller samfunnsfagleg retning
- god kjennskap til regelverket innan vassforvaltning, inkludert vassforskrifta, vil bli vektlagt
- erfaring i bruk av fagsystema Vann-Nett og/eller Vannmiljø er ønskjeleg
- gode formidlings- og kommunikasjonsevner, skriftlege og munnlege, både på norsk og engelsk
- nyutdanna kan òg søke
Vi ser etter deg som:
- har gode evner til samarbeid
- sjølvstendig og løysingsorientert
- har god rolleforståing og ser heilskap og samanheng i arbeidet
- er strukturert og sikrar framdrift i prosjekt og oppgåver
Vi tilbyr
- fast stilling med lønn som rådgivar/seniorrådgivar frå kr. 560 000 til kr 830 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifisert søkjarar kan vurderast noko høgare.
- utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar - inkludert trening i arbeidstida
- fleksible arbeidstidsordningar og pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Kjersti Solvoll. Kan kontaktast på telefon 48132866 eller e-post: kjersti.solvoll@miljodir.no.
Oppgi referansenummer 25-2025 VVA når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0). Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/) vår.
Om arbeidsgiveren
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing.For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet, og har om lag 730 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO) som er lokalisert 56 stader i landet.
Se alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Rådgivning, Vann- og miljøteknikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398904049
- Sist endret