Helsefagarbeider
Ulvik Herad
- Frist 1.5.2025
- Ansettelsesform Fast
Helsefagarbeidar med rekrutteringstillegg
Om stillinga
Me har ei ledig stilling på Ulvik Omsorgstun. Stillinga vil gå i todelt turnus med langvakter kvar fjerde helg. Sjukeheimen har 14 sengeplassar og eit godt tverrfagleg samarbeid med kjøkken, heimesjukepleie, fysio- og ergoterapeut med fleire. Etter at me har lagt om turnus med overgang til langvakter på helg er me no på jakt etter ein ny medarbeidar. Som tilsett hos oss blir du ein del av eit miljø med høgt fagleg nivå. Du vil få høve til å ta del i spennande prosjekt og fagleg utvikling!
Stillinga vil ha storleik på 80%.
Oppgåver
Helsefagleg yrkesutøving i form av stell, utgreiing, pleie og omsorg, samt rettleiing i
hjelp til sjølvhjelp overfor brukar/pasient.Administrering av medikament i samsvar med delegasjon.
Rettleiing- og opplæringsansvar overfor medarbeidarar/elevar
Ynskja kvalifikasjonar og eigenskapar
Du er autorisert helsefagarbeidar eller under utdanning.
Du har gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg, minimum tilsvarande nivå B2.
Du er ansvarsbevisst, sjølvstendig og har evne til å ta avgjerder basert på fagleg kompetanse.
Du er fleksibel og serviceinnstilt, med god evne til samarbeid og kommunikasjon.
Du jobbar effektivt, strukturert, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Søkjarar må kunne leggje fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4
Me kan tilby
Løn etter gjeldande tariff og lokale føringar
12000,- i rekrutteringstillegg iht lønspolitisk plan
Ein arbeidsplass med stor variasjon og mange dyktige kollegaer
Ein triveleg arbeidsplass i ei flott bygd
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om arbeidsgiveren
Om arbeidsgjevar
Helse og velferd i Ulvik herad er ei eining med om lag 45 årsverk og har eit tenestetilbod som omfattar sjukeheim, institusjonskjøkken, heimesjukepleie, fastlegelegekontor med daglegevakt, skulehelseteneste og helsestasjon, heimehjelp, fysioterapi, ergoterapi, psykisk helse og rus, sosialtenester, og flyktningtenester. Eininga har godt samarbeid med kringliggande kommunar i Voss lokalsjukehusområde. Ulvik herad jobbar for tida med etablering av eige barnevernstenester og PPT i ei ny barne- og familieeining.
Me har lokalar i Ulvik sentrum og på Ulvik Omsorgstun som var nytt i 2020. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i bakgrunn, utdanning og erfaring.
Om Ulvik
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden finn du Perla i Hardanger, Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterer til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur- og idrettsmiljø, idrettshall, svømmehall, og langrennsarena med lysløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5730 Ulvik
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
helsefagarbeider, sjukeheim, ulvik, omsorg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 398918306
- Sist endret