Bildegalleri
Loddestasjon
Beskrivelse av varen
Tilstand: Helt ny - Uåpnet/med lapp
Då eg kløna det til og bestille dobbelt opp sel eg ein ubrukt loddestasjon i eske med loddebolt og loddepinsett. I tillegg følgjer det med avloddingspumpe og loddespissrenser.
Eg har sjølv lodda på instrumentpanelet på bilen og synest loddebolten var svært så god.
XYtronic LF-1680: 80 Watt, Micro digital loddestasjon. Hus av aluminiumslegering med keramisk varmeelement. Med knappane på loddestasjonen kan temperaturen stillast mellom 200-480 grader celsius med 1 grads intervall.
Loddestajonen har blant anna desse funksjonanane:
- Oppvarming/sensorfeilregistrering: Viss sensorkrinsen sviktar, blir varmeapparatet slått av.
- Temperatur "Lock-Out"-funksjon: Temperaturen kan låsast med ein passordkode.
- Easy Park Iron Holder med spissrens: Laga av messingspon med lite slipande innhald i staden for konvensjonelle "våte" svampar for å forlengje levetida til spissen og redusere oksidasjonsskadar, vatn er ikkje nødvendig.
- ESD Safe and Spike Free Circuitry: "Zero Voltage" elektronisk svitsjdesign vernar også spennings- og straumsensitive komponentar (CMOS-einingar, etc.) mot skadelege straum- og transiente spenningsspikar som vanlegvis blir produsert av mindre effektive, mekanisk svitsja stasjonar.
Rettleiande prisar på utstyret er:
Loddestasjon: 2495,-
Avloddingspumpe: 130,-
Loddespissrenser: 350,-
Samla: 2975,-
Sel alt for under halv pris 1400,-
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 21.3.2025 kl. 20:29 ・ FINN-kode: 398956153