Bildegalleri
Fraktestativ MC med forhjulstøtter og lastestropper
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Eg bygde dette fraktestativet for å passe i ein hengar med ei breidde på 180 cm. Difor er plata om lag 171 cm, slik at ho kjem innanfor festebøylene på hengaren. Plata er solid, over 2 cm tjukk, og frest på undersida slik at festa ikkje stikk ut. Det er eigne fester i plata for å feste stativet til hengaren, samt fester for å koble til stroppene.
Forhjulsstøttene er justerbare, og stroppene er laga for hurtigfesting av motorsykkel. Eg har berre brukt stativet ein gong for å hente ein sykkel, så det er lite brukt. Berre delane åleine har ein nypris på rundt 4000 kr (utan plata).
Stativet kan og brukast som støtte for motorsyklar i garasjen – berre trill forhjulet inn i støtta, så blir det festa automatisk.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 22.3.2025 kl. 13:08 ・ FINN-kode: 399040827