Bildegalleri

Det ledige soverommet

Utleid

1 ledig soverom i koselig 3-roms leiligheit

Kart med kartnålDovregata 3B, 0170 Oslo
Månedsleie
10 000 kr

Nøkkelinfo

Primærrom
60 m²
Boligtype
Rom i bofellesskap
Soverom
2
Etasje
3.
Leieperiode
01.06.2025

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Delvis møblert
Bredbåndstilknytning
Kabel-TV
Rolig
Sentralt
Vaktmester-/vektertjeneste

Beskrivelse

Romkameraten min skal flytte saman med kjærasten, så frå 01.06 treng eg ein ny!

Leiligheita ligg svært godt plassert på nedre del av St. Hanshaugen. Det er kort avstand til OsloMet, Bislett stadion, matbutikkar og St. Hanshaugen park for å nemne noko, og ca. 10 min å gå til Nationaltheatret. Likevel er det eit roleg område med lite støy.

Leiligheita er full av klassisk sjarm med originale tregolv, stukkatur og rosett i taket og 3 m takhøgde. Den er i utgangspunktet umøblert med unntak av kvitevarer på kjøkken/bad og klesskap på soveromma, og så den er ellers møblert og innreidd av meg og roomien (mykje av det vil bli verande!). Det er bod i kjellaren.

Det ledige rommet er 7kvm. Klesskap frå IKEA følger med, og det er god plass både til 120- eller 140-seng (senga på bilda er 140). Rommet vender ut mot ei einvegskøyrd sidegate. Pris er 10 000kr/mnd, og straum og nettleige kjem i tillegg (internett inkludert altså).

Sjølv er eg 27 år gammal og jobbar fulltid, og eg ser helst etter nokon i ein liknande livssituasjon. Det er viktig for meg å ha det reint og ryddig heime, og eg håpar vi kan finne den evig omtalte balansen mellom sosial hygge og det å kunne trekke seg tilbake for seg sjølv når det trengst. Ellers går eg litt på dans og har nyleg tatt opp buldring, eg strikkar og lærer meg å sy, eg les ein del bøker, likar å sjå filmar/seriar og sjølvsagt å utforske kulturlivet i Oslo. Matlaging er kanskje ikkje den sterkaste sida mi, men eg slår til med nokon gode dessertar ein gong innimellom ;)

Ta kontakt om noko er uklart eller du har spørsmål, og fortel litt om deg sjølv om du trur dette kan vere aktuelt for deg!

Profilinfo

Du må være logget inn for å se profilen

Trenger du en kontrakt?

  • Hakemerke
    Utfylt kontrakt med opplysninger fra annonsen
  • Hakemerke
    Digital signering
  • Hakemerke
    Gratis tjeneste
  • Hakemerke
    Godkjent av Forbrukerrådet

Nærområdet

Kart med kartnålDovregata 3B, 0170 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode399270131
Sist endret30. mars 2025 11:53

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.