Vedlikehaldsansvarleg
NGIR Drift
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
NGIR søkjer etter initiativrik vedlikehaldsansvarleg med stor arbeidskapasitet, til deponi og utedrift
Vi ser etter ein positiv og pliktoppfyllande vedlikehaldsansvarleg til ein viktig jobb i eit spanande selskap i vekst.
Arbeidsstad er på anlegget vårt i Kjevikdalen i Alver kommune.
Vi treng deg som kan vedlikehalde maskinar på ein trygg og god måte. Maskinparken i NGIR består mellom anna av sorteringsmaskin, kvern, truck, dumpar, hjullastar og gravemaskin.
Vår nye kollega bør ha fagbrev som anleggsmekanikar eller liknande, men erfaring frå andre bransjar kan oppveie for dette. Har du truck- eller maskinførarbevis, er det eit pluss, men ikkje eit krav. Det er ein fordel om du har erfaring med service og reperasjon av anleggsmaskinar.
Vi ønskjer ein initiativrik ja-person som ønskjer å lære, og ikkje minst liker nye utfordringar. Du har evna til å jobbe godt både sjølvstendig og saman med andre, og er ikkje redd for å ta i et tak. Hjå oss vert du ein del av eit positivt fellesskap.
Arbeidsoppgåvene dine vil hovedsakelig være:
• Vedlikehald av maskinar og utstyr som ikkje dekkast via serviceavtale.
• Oppfølging av kontrollar og sertifiseringar.
• Vurdere kva vi kan fikse sjølv og kva vi treng ekstern hjelp til å utføre
• Lettare jobbar innan sveising, hydraulikklekkasjar og karosseri.
• Enkelte vaktmesteroppgåver på anlegget.
Vi ønskjer at du:
• Har erfaring innen service og vedlikehald
• Er presis og god på samarbeid.
• Er fleksibel og likar å halde orden.
• Er sjølvstendig og effektiv.
• Taklar hektiske periodar.
• Er glad i fysisk arbeid.
• Meistrar norsk skriftleg og munnleg.
• Har noko datakunnskap.
• Er god på kundehandsaming.
Vi tilbyr deg:
• Fast stilling.
• Ordna løns- og pensjonsordningar.
• Gode moglegheiter til å utvikle deg.
• Gode arbeidsverktøy.
• God opplæring og oppfølging.
• Godt arbeidsmiljø
Det vert lagd stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.
Søknader vil bli behandla fortløpande.
Oppstart snarast.
Ønskjer du ein spanande, variert og utfordrande jobb, ønskjer vi deg med på laget!
Har du spørsmål om stillinga? Ikkje nøl med å ring avdelingsleiar utedrift, Trond Ekelund tlf: 91842191, assisterande leiar for utedrift, Olav Aase tlf. 957 56 640 eller assisterande leiar vedlikehald/maskinførar, Oddvin Steinestø tlf. 413 59 188.
Om arbeidsgiveren
NGIR Drift AS er eit dotterselskap til NGIR IKS - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS. NGIR tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR arbeider for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima. Selskapet tilbyr òg avfallstenester til næringslivet i regionen, og driftar eit deponi for lettare forureina massar. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune, ca 45 min køyring frå Bergen sentrum og 15 min frå Knarvik. NGIR er organisert i tre selskap, har til saman 100 tilsette, og omset for om lag 180 millionar kroner.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted, Industri og produksjon, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Mekanikk og installasjon, Teknisk service
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
vedlikeholdsansvarlig, maskinfører, truckfører, pliktoppfyllende, samarbeid
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399389435
- Sist endret