Undervisningsstilling faglærar nautiske fag
Vestland fylkeskommune
- Frist 22.04.2025
- Ansettelsesform Fast
Undervisningsstilling som faglærar i nautiske fag v/ Fagskulen Vestland avd. Austevoll
Vil du være med å utdanne framtidas maritime leiarar og bidra til utviklinga av dekksoffisersutdanninga?
Ønsker du å jobbe med motiverte studentar? Då kan dette være stillingen for deg!
Avdelinga i Austevoll søkjer ein engasjerande og fagleg dyktig person til å bli ein del av vårt team.
Om Fagskulen Vestland
Med over 1700 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar
mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 170 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.
Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning, og vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet. Skulen utviklar også utdanningar innan omgrepet Industri 4.0, og har moderne utstyr/simulatorar som nyttast i undervisninga.
Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning og veiledning innan nautiske emne.
- Utarbeiding og oppdatering av undervisningsplanar og læringsmateriell i tråd med gjeldande læreplaner og forskrifter.
- Planlegging og gjennomføring av praktiske øvingar og simuleringar.
- Oppfølging og vurdering av studentane si faglege utvikling.
- Samarbeid med kolleger, fagmiljø og relevante aktørar i næringa.
- Bidrag til vidareutvikling av fagområdet og utdanningstilbodet.
Anna:
For søkjarar som ikkje har godkjend pedagogisk kompetanse, legg skulen til rette for at den pedagogiske utdanninga kan takas samstundes med undervisningsstillinga.
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Kvalifikasjonar
- Dekksoffisersutdanning på UH nivå med bachelorgrad.
- Dekksoffisersutdanning frå maritim fagskule.
- Dekksoffisersertifikat D2 eller høgare.
- Pedagogisk kompetanse er ønskeleg.
- God kunnskap innan IKT
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Ansvarsbevisst
- Entusiastisk
- Gode formidlingsevner
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Konkurransedyktige lønsvilkår.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Fleksibel arbeidstid.
- Etter- og vidareutdanning iht. myndigheter sine krav for maritimt undervisningspersonale.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2.ledd kan opplysningar om søkjarenverte offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand om søkjerlista vert offentleggjort
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sauganeset 18, 5392 Storebø
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Kurs og opplæring, Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Maritim, Kaptein, Nautikk, Dekksoffiser, Utdanning
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399410631
- Sist endret