
Overlege i legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
Helse Bergen HF
- Frist 31.03.2025
- Ansettelsesform Fast
Overlege i legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
Har du lyst til å arbeide i eit fagfelt i spennande utvikling tett knytt opp mot forsking? Då må du søke her!
Avdeling for rusmedisin, LAR, søker overlege.
Avdeling for rusmedisin (AFR) består av fleire seksjonar og avdelingar, herunder ein eigen avdelingen for LAR, to ruspoliklinikkar, ein forskingsseksjon, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling, mellom anna med aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar og fagleg integrasjon med divisjon psykisk helsevern.
LAR er delt inn i fem seksjonar. Fem LAR poliklinikkar samt prosjekt for Heroinassistert behandling. Kvar seksjon består av seksjonsleiar, psykolog, sosionomar, vernepleiarar, sjukepleiarar, merkantil, erafringskonsulent, forskingssjukepleiar, lege i spesialisering eller cand.med og overlege. I løpet av året vil alle poliklinikkane ha nye flotte lokale.
Arbeidsforma er teambasert og tverrfagleg. Vi har godt samarbeid med andre seksjonar i AFR, DPS, somatiske sjukehuseinigar, fastlegar, sosialtenester og øvrige kommunale tenestetilbod, og dette har stor betyding for den enkelte pasient sin heilskaplege behandling og rehabilitering.
Kvart team følger opp mellom 150 og 200 pasientar. Som overlege i LAR har ein ansvar for den rusmedisinske behandlinga av pasientane, både substitusjons-behandling og behandling av pasientane sin øvrige rus- og avhengigheitsproblematikk. Dette er blant anna substitusjon eller nedtrapping av benzodiazepiner og tilvising til avrusing og stabilisering. Overlege deltar og i vurdering- og inntaksarbeid med å vurdere tilvisingar til LAR. Det er mogleg å delta i avdelinga sin vaktordning.
Pasientane får tilbod om årleg helseundersøking. Der det blir avdekka behov for oppfølging har vi ansvar for det i samarbeid med fastlege.
Helseundersøkinga inngår som datasamling til forsking. Samarbeid med Bergen Addiction Research group (BAR) om forskingsprosjekt er ein integrert del av den daglege drifta. Det er eit særleg fokus på diagnostisering og behandling av hepatitt C og kronisk lungesjukdom gjennom forskingsprosjekt (randomiserte kliniske studiar). Hausten 2024 vart det starta ein randomiset multisenterstudie med substitusjon av amfetaminavhenge på pasienter i LAR. Denne er leia av BAR i forskingsseksjonen i AFR. AFR er og tildelt leiarrolle i NORCAT-studien.
Overlege samarbeider tett med pasienten sin behandlar i LAR (sjukepleiar, vernepleiar, sosionom) i den daglege oppfølginga av pasientane og med psykolog om psykiske lidingar og tilviing til døgnbehandling. Overlegane i LAR har tett samarbeid, og samlast ein dag per veke for samarbeid, inntaksmøte og legemøte.
Legar som er tilsett i LIS-stilling og har kort tid igjen til godkjenning av spesialiteten eller er tilsett som konstituerte overlege, kan også søke.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for pasienten sin substitusjonsbehandling (valg av substitusjonslegemiddel, oppstart, vedlikehaldsdose, skifte mellom substitusjonslegemiddel, nedtrapping, utleveringsordning m.m.)
- Ansvar for vurdering, oppfølging og behandling av pasientane sine øvrige rus- og avhengigheitslidingar, i samarbeid med det øvrige tverrfaglege teamet, fastlege og kommunale tenester
- I samarbeid med fastlege og somatiske sjukehusavdelingar ansvar for vurdering og oppfølging av pasientane sine somatiske helseplager, inkludert den årlege helseundersøkinga
- I samarbeid med psykolog i teamet, DPS og psykiatriske sjukehusavdelingar vurdere og følge opp pasientane sine psykiske helseplagar
- Saman med pasient, behandlar i LAR, psykolog og seksjonsleiar utarbeide, følgje opp og evaluere behandlingsplanar
- Delta i ansvarsgruppemøte ved behov
- Samarbeid med og supervisjon av lege i spesialisering (LIS)
- Overlegar som er spesialistar i rus- og avhengigheitsmedisin er rettleiar for LIS
- Bidra i arbeid med undervisingsplanar og fagutvikling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Rekvireringsrett til A- og B-preparat
- Spesialitet i rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri, allmennmedisin, klinisk farmakologi eller annan relevant spesialitet vil vere ein fordel
Personlege eigenskapar
- Engasjement for pasientgruppa
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne og vilje til å inngå i langvarige og krevjande behandlingsrelasjonar til pasientar
- Fleksibel, tåle uforutsigbare dagar og kan prioritere ved samtidighetskonfliktar
- Kan arbeide sjølvstendig og har evne til å jobbe strukturert og planmessig
- Evne og vilje til å bidra positivt i arbeidsmiljøet
- Ønske om å delta i teamrettleiing
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Arbeid med ein pasientgruppe der det blir stilt krav til kompetanse til samtidig behandling av sjukdommar innan både rus- og avhengigheit, psykiatri og somatikk, og til god samhandling både internt i teamet/seksjonen og eksternt
- Moglegheit til å bidra til vidare utvikling av eit framleis ungt fagfelt og ein seksjon i framleis stor utvikling (satsing på kompetanse i traumestabiliserande behandling, heroinassistert behandling, utgreiing og behandling av somatiske sjukdommar som hepatitt C og lungesjukdom, forsking etc)
- Tverrfagleg kollegafellesskap i teamet, samt vekentlege fagmøte/undervisingar med øvrige legar i Avdeling for rusmedisin, LAR
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øvregaten 37, 5003 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
overlege, rusmedisin, Legemiddelassistert rehabilitering, LAR, AFR
Annonseinformasjon
- FINN-kode 399579633
- Sist endret